Quito er hovudstaden i Ecuador, hovudstaden i Pichinchaprovinsen og er nest største byen i landet etter Guayaquil. I 2004 hadde byen om lag 1,84 millionar innbyggjarar.
TelefériQo
Innhaldsliste
1Historie
2Geografi
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Historie |
Quito-måleri av José García de León og Pizarro.
Det finst arkeologiske prov på busetnad i Quito meir enn 10 000 år attende, men berre historia for dei siste 500 åra er godt kjent. Quitufolket skal ha vore eit fredfullt folk som gav namn til byen. På 1000-talet gjekk dei inn i allianse med ein folkestamme frå kysten. På 1400-talet blei kongedømet Quitu oppretta som ein konføderasjon mellom carasfolket i nord og puruhasfolket i sør med senter kor dagens Quito ligg. Ein langvarig strid mot inkariket skulle no følgje, men først seinka cañarifolket i Sør-Ecuador inkaekspansjonen med nokre år. Etter at cañari fall gjorde folket i kongedømet Quito hard motstand i kampane om Quito. Kampen om Quitoområdet starta i regjeringstida til Túpac Yupanqui (1471–1493). Quito fall for inkahæren i 1495 under Huayna Capac og generalen hans, dermed vart området ein del av Tawantinsuyu. Somme nemner Quito som ein nordre hovudstad i inkariket for ein kort periode. Huayna Capac gifta seg med ei prinsesse frå Quito, busette seg der for å sikre området.
Inka Atahualpa hadde makta i byen då Francisco Pizarro kom til Peru i 1532 og general Rumiñahui vart den som skulle forsvare byen mot den spanske conquistadoren Sebastián de Belalcázar i 1534. Rumiñahui evakuerte byen og sette han i brann før spanjolane kom fram og kunne gå inn i byen. Rumiñahui vart seinare fanga og drepen, og Belalcázar skipa ein «ny» by med det fulle namnet «Muy Noble y Muy Leal ciudad de San Francisco de Quito».
Sjå òg inkarikets fall.
Geografi |
Quito ligg i nordre del av landet, ca 22 kilometer sør for ekvator i ei høgd på 2850 moh. Han er derfor den tredje høgastliggande hovudstad i verda etter Lhasa i Tibet på 3650 moh. og La Paz i Bolivia på 3600 moh. Ingen annan hovudstad enn Quito kan vise til eit slikt utval av delvis aktive vulkanar rett i omkrinsen. Frå byen kan ein sjå Cotopaxi (5897 moh.), Cayambe (5790 moh.), Antisana (5705 moh.) og Illiniza (5263 moh.). Og ikkje minst den aktive vulkanen Pichincha (4897 moh.) som er næraste nabo til byen og har gjeve namn til provinsen.
Kjelder |
Artikkel om San Francisco-katedralen hos statsuniversitetet i Florida
Quito
Bakgrunnsstoff |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...