Vadbrua
Vadbrua | |
Transporterer | køyretøy, gåande |
---|---|
Kryssar | Stordalselva |
Veg | 650 |
Stad | Stordal kommune, Møre og Romsdal |
Materiale | betong |
Byggherre | Statens vegvesen |
Opna | 1978 |
Vadbrua også kjent som Vad bru er ei vegbru på Fylkesveg 650 over elva i Stordal kommune. Fylkesveg 101 til Overøye tar av like ved brua.
Dagens bru i betong erstatta ei 21 m lang og 3,8 m brei fagverks stålbru. Denne stålbrua tente opphavleg som bru over Nørvesundet (dagens E136) i Ålesund og kom på plass der i 1892. Forsommaren 1952 vart stålbrua løyst frå festa i Nørvasundet og flytta heil til Stordal. Brua vart først frakta med pram til Stordal kai, deretter med lastebil til Vad. Stålbrua avløyste ei 2,6 m brei trebru frå 1880.[1]
Kjelder |
↑ Veg og virke i Møre og Romsdal, nr 3, oktober 1986.
Koordinatar: