Pennsylvania
Pennsylvania | |||
delstat | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Harrisburg | ||
Areal | 119 283 km² | ||
- land | 116 075 km² | ||
- vatn | 3 208 km² | ||
Folketal | 12 805 537 (2017) | ||
Folketettleik | 110 / km² | ||
Guvernør | Tom Wolf (D) | ||
Før innlemming | Provinsen Pennsylvania | ||
Innlemma i USA | 12. desember 1787 | ||
Statsnummer | 2. | ||
Forkorting | PA | ||
Wikimedia Commons: Pennsylvania | |||
Nettstad: pa.gov | |||
Pennsylvania er ein delstat nordaust i USA. Hovudstaden er Harrisburg og den største byen er Philadelphia. Delstaten grenser til New Jersey i aust, delstaten New York i nord, Ohio i vest og Delaware, Maryland og Vest-Virginia i sør.
Historie |
Dagens Pennsylvania var opphavleg folkesett av lenapefolk, susquehannock, irokesarar, eriez, shawnee og andre urfolk.[1] Begge breiddene av Delaware-elva blei gjort krav på som koloniland både av nederlandarar og englskmenn.[2][3][4] Også Sverige gjorde krav på delar av området som Nya Sverige.[5][6] I 1664 skjenkte kong Karl II av England store område til James, hertugen av York (seinare Jakob II).[7] I løpet av året tok britane kontroll over Nye Nederland, sjølv om dei nederlandske innbyggjarane fortsette å ha stor innverknad på området.[8][9]
28. februar 1681 gav Karl II eit charter på landet til kvekaren William Penn for å betals tilbake eit lån til far hans, admiral William Penn.[10][11] Penn kjøpte også landområdet vest for Delaware-elva av hertugen av York. Kongen kalla området «Pennsylvania» ('Penn-skoglandet') til ære for Penn. William Penn, som først hadde kalla området New Wales og deretter Sylvania, ønskte ikkje oppkallinga, men kongen insisterte.[12] Penn skipa eit styre med to nyskapingar som blei viktige for den nye verda: Lokalstyre (county commission) og religiøs fridom.[13]
Frå 1754 til 1763 blei området råka av Den franske og indianske krigen og det påfølgjande Pontiacopprøret (Pontiac's War).[14] 12. desember 1787 blei Pennsylvania den andre delstaten til å ratifisera den amerikanske grunnloven, fem dagar etter den første delstaten, Delaware.[15]
Kjende personar frå Pennsylvania |
John Barrymore, skodespelar
Joe Biden, visepresident frå 2009
James Buchanan, president av USA
Rachel Carson, biolog
Bill Cosby, skodespelar
Charlie Crist, guvernør i Florida
Jimmy Dorsey, orkesterleiar
Tommy Dorsey, orkesterleiar
Stephen Foster, komponist
Robert Fulton, oppfinnar
Alexander Haig, general og politikar
Michael Keaton, skodespelar
Gene Kelly, dansar og skodespelar
Grace Kelly, skodespelar og fyrstinne av Monaco
Mario Lanza, songar og skodespelar
George C. Marshall, general, politikar og nobelprisvinnar
P!nk, songar og låtskrivar
Robert Peary, polarforskar
Trent Reznor, musikar
Wallis Simpson, hertuginne av Windsor
Will Smith, skodespelar
Sharon Stone, skodespelar
Taylor Swift, songar
John Updike, forfattar
Andy Warhol, kunstnar
Kjelder |
↑ «Pennsylvania Indian tribes». Accessgenealogy.com. Henta June 7, 2014.
↑ Paullin, Charles O, Edited by John K. Wright (19932). Atlas of the Historical Geography of the United States. New York, New York and Washington, D.C.:: Carnegie Institution of Washington and American Geographical Society. s. Plate 42.
↑ Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 10: 17–23.
↑ Van Zandt, Franklin K. (1976). Boundaries of the United States and the Several States; Geological Survey Professional Paper 909. Washington, D.C.: Government Printing Office. s. 74; 92.
↑ Munroe, John A. (1978). Colonial Delaware: A History. Millwood, New York: KTO Press. s. 16.
↑ McCormick, Richard P. (1964). New Jersey from Colony to State, 1609—1789. New Jersey Historical Series, Volume 1. Princeton, New Jersey: D. Van Nostrand Company. s. 12.
↑ Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 4: 278–280.
↑ Van Zandt, Franklin K. (1976). Boundaries of the United States and the Several States; Geological Survey Professional Paper 909. Washington, D.C.: Government Printing Office. s. 79.
↑ Swindler, William F., Editor (1973–1979). Sources and Documents of United States Constitutions. 10 Volumes. Dobbs Ferry, New York: Oceana Publications. s. Vol. 6: 375–377.
↑ Charter for the Province of Pennsylvania-1681.
↑
Pennsylvania Society of Colonial Governors, red. (1916). «Samuel Carpenter». Pennsylvania Society of Colonial Governors, Volume 1. s. 180–181.
↑ «Wales on Britannia: Facts About Wales & the Welsh». Britannia.com. Henta September 16, 2013.
↑ «Quakers and the political process». Pym.org. March 28, 2006. Arkivert frå originalen May 24, 2008. Henta July 31, 2010.
↑ https://archive.org/details/accountofremarka00smit
↑ «Pennsylvania ratifies the Constitution of 1787». Memory.loc.gov. Henta July 31, 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Pennsylvania» frå Wikipedia på engelsk, og «Pennsylvania» frå Wikipedia på svensk den 25. april 2015.
Administrative einingar i USA | ||
---|---|---|
Delstatar |
| |
Føderalt distrikt | Washington, D.C. | |
Oversjøiske territorium |
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|