1492












< 1492 >




1490 | 1491 | 1492 | 1493 | 1494
























1492 var året Christoffer Columbus kom til Amerika. Illustrasjon frå 1893 som viser korleis han tek avskjed frå Ferdinand og Isabella medan ekspedisjonen blir signa av geistlege.




«Columbus landstiger i Amerika: Tullbehandling». Vitseteikning av Oskar Andersson.


1492 (romartal MCDXCII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


  • 2 Fødde


  • 3 Døde


  • 4 Kjelder





Hendingar |




  • 2. januar: Det siste mauriske området i Spania, Granada, fall for det katolske kongaparet Ferdinand og Isabella. Med det var reconquistaen av Den iberiske halvøya fullendt.[1]


  • 31. juli: Jødar blei forviste frå Spania; 150 000 sefardar måtte flykta. Sultan Bayezid II av Osmanarriket ønskte jødar velkommen, og sende mellom anna flåten sin for å føra jødar i tryggleik.[2]


  • 3. august: Christoffer Columbus siglde frå Spania med dei tre skipa «Santa María», «Pinta» og «Niña» for å finna sjøvegen til Asia.[3]


  • 11. august: Rodrigo Lanzol-Borja y Borja blei vald til ny pave etter Innocens VIII. Han tok namnet Aleksander VI.


  • 12. oktober: Oppdaginga av «Den nye verda». Christofer Columbus såg land i Amerika, som han meinte var «India» (dagens Sør- og Søraust-Asia). Øya han kom til var Guanahani, som han kalla San Salvador, i Bahamas. Det er ukjend nøyaktig kva for ei av Bahamasøyane det dreidde seg om.


  • 27. oktober: Columbus oppdaga Cuba.[1]


  • 7. november: Ensisheimmeteoriten, ein 127 kg stor meteoritt, slo ned ved byen Ensisheim i Alsace.


  • 5. desember: Christopher Columbus gjekk i land på Hispaniola. Han fekk løyve av tainoleiaren Guacanagarí til å setja att nokre menn på øya. Busetjinga deira blei kalla «La Navidad».


  • 31. desember: Rundt 100 000 jødar blei forviste frå Sicilia.



Fødde |


Sjå òg Fødde i 1492.


  • 4. april: Ambrosius Blarer, tysk-sveitsisk reformator

  • 11. april: Margrete av Angoulême, dronning gift med Henrik II av Navarra

  • 20. april: Pietro Aretino, italiensk renessanseforfattar

  • 2. juli: Elisabet Tudor, engelsk prinsesse, dotter av Henrik VII og Elisabet av York

  • 12. september: Lorenzo II de' Medici, herskar av Firenze

  • 1. oktober: Georg Rörer, protestantisk teolog

  • 12. november: Johan Rantzau, dansk krigar



Døde |


Sjå òg Døde i 1492.


  • 9. april: Lorenzo de' Medici, florentinsk statsmann

  • 7. juni: Kasimir IV av Polen

  • 8, juni: Elisabet Woodville, dronning av England 1464–1470 og 1471–1483 (gift med Edvard IV)

  • 25. juli: Pave Innocens VIII

  • 12. oktober: Piero della Francesca, italiensk målar og matematikar


  • Kristina Abrahamsdotter, dronning av Sverige 1470 (gift med Karl Knutsson)





Pave Innocens VIII døydde 25. juli 1492



Kjelder |





  1. 1,01,1 World Statesmen: Spain


  2. Jewish virtual library.org


  3. Det hände i dag




<<   1400-talet   >>

<< 1400 | 1401 | 1402 | 1403 | 1404 | 1405 | 1406 | 1407 | 1408 | 1409 | 1410 | 1411 | 1412 | 1413 | 1414 | 1415 | 1416 | 1417 | 1418 | 1419 | 1420 | 1421 | 1422 | 1423 | 1424 | 1425 | 1426 | 1427 | 1428 | 1429 | 1430 | 1431 | 1432 | 1433 | 1434 | 1435 | 1436 | 1437 | 1438 | 1439 | 1440 | 1441 | 1442 | 1443 | 1444 | 1445 | 1446 | 1447 | 1448 | 1449 | 1450 | 1451 | 1452 | 1453 | 1454 | 1455 | 1456 | 1457 | 1458 | 1459 | 1460 | 1461 | 1462 | 1463 | 1464 | 1465 | 1466 | 1467 | 1468 | 1469 | 1470 | 1471 | 1472 | 1473 | 1474 | 1475 | 1476 | 1477 | 1478 | 1479 | 1480 | 1481 | 1482 | 1483 | 1484 | 1485 | 1486 | 1487 | 1488 | 1489 | 1490 | 1491 | 1492 | 1493 | 1494 | 1495 | 1496 | 1497 | 1498 | 1499 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva