Småland
- For tettstaden Småland i Inderøy sjå Småland i Trøndelag.
Småland er eit «landskap» (historisk landsdel) i aust-Götaland i sør-Sverige som i nord grensar til Östergötland, i sør til Skåne og Blekinge, i vest til Halland og Västergötland og har kyst mot Austersjøen i aust. Det høgaste punktet er Tomtabacken med sine 377 meter over havet.
I landskapet inngår heile Kronobergs län, store delar av Jönköpings län i tillegg til fastlandsdelen av Kalmar län. Dessutan inngår delar av Östergötlands län (Tryserum, Östra Ed, Gärdserum og Hannäs sine kyrkjekrinsar) samt delar av Hallands län (Femsjö, Färgaryd, Jälluntofta, Långaryd og Södra Unnaryd sine kyrkjekrinsar og delar av Torup sin kyrkjekrins).
Småland er eit av dei mest sjørike landskapa i Sverige.
Fleire forfattarar og andre kunstnarar som har gjort Småland meir kjent er mellom andre Astrid Lindgren, Vilhelm Moberg, Ingvar Kamprad og Döderhultarn.
Kjende smålendingar |
Nils Dacke, opprørsleiar
Stefan Edberg, tennisspelar
Albert Engström, kunstnar, forfattar
Agnetha Fältskog, songar, ABBA
Ingvar Kamprad, entreprenør, IKEA-eigar, mangemilliardær
Pär Lagerkvist, forfattar, poet, nobelprisvinnar
Astrid Lindgren, forfattar
Vilhelm Moberg, forfattar
Charlotte Perelli (fødd Nilsson), songar, Grand Prix-vinnar
Lena Philipsson, songar
Mats Wilander, tennisspelar
Bakgrunnsstoff |
- Småland
- Lytt til nokre av dialektane frå Småland
- Lita smålandsk ordliste
Landskap i Sverige | ||
---|---|---|
Götaland | Blekinge · Bohuslän · Dalsland · Gotland · Halland · Skåne · Småland · Västergötland · Öland · Östergötland | |
Svealand | Dalarna · Närke · Södermanland · Uppland · Värmland · Västmanland | |
Norrland | Gästrikland · Hälsingland · Härjedalen · Jämtland · Lappland · Medelpad · Norrbotten · Västerbotten · Ångermanland |
|