Norsk rikskringkasting




Norsk-rikskringkasting-Logo.svg



NRK-bygningen på Marienlyst i Oslo.


Norsk rikskringkasting (til vanleg forkorta til NRK) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert av ei kringkastingsavgift eller lisens frå TV-sjåarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks år med høve til forlenging seks år til. Frå 2013 har Thor Gjermund Eriksen vore kringkastingssjef.[1]


Kringkasting er ei norsk omsetjing av det engelske ordet «broadcasting». Ordet «rikskringkasting» er òg inspirert av den tyske nemninga «Reichsrundfunk». Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Corporation, BBC.


Omsetjinga vart brukt første gongen i 1924 og vart offisiell nemning frå 1925. Kringkasting innebar opphavleg trådlaus utsending av lyd (tale/musikk), og etterkvart òg levande bilete.


NRK vart skipa i 1933 og er den største mediebedriften i Noreg.


NRK byr på tre TV-kanalar, 14 radiokanalar og eit bredt tilbod på nett.


Rundt om i landet har NRK 15 distriktskontor.[1]




Klar til opptak av NRK-programmet Nytt på Nytt




Innhaldsliste






  • 1 NRKs eigar og styre


  • 2 Historikk


  • 3 NRK sine stasjonar/kanalar


  • 4 Forkortinga


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





NRKs eigar og styre |


Allmennkringkastaren NRK er eit statleg eigd aksjeselskap. Kulturdepartementet er generalforsamling og vel NRK sitt styre.



Styreleiar er Birger Magnus.[2]




Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av 20 spørsmål i «Studio 19» på Marienlyst, 3. februar 2005



Historikk |


Kringkasting i Noreg vart starta i 1924 av det private selskapet Kringkastningselskapet A/S. Dette var forgjengaren for Norsk rikskringkasting som vart etablert i 1933. NRK var eigd og kontrollert av Staten. Selskapet hadde monopol på kringkasting fram til 1980-talet, då dei første lokalradioane fekk etablere seg. I TV-marknaden var dei einerådande fram til opninga av TV2 i 1992.


I dei første tretti åra var NRK sitt einaste produkt radio. I 1954 starta selskapet dei første prøvesendingane for fjernsyn og starta regulære TV-sendingar i 1960. Fargesendingar vart først prøvd i 1972 med regulære fargesendingar frå 1975.


NRK har hovudkontoret sitt på Marienlyst i Oslo. Distriktskontor vart for alvor etablert på 70- og 80-talet, mellom anna Sámi Radio. Tekst-TV starta sendingar i 1983.


NRK vart statleg aksjeselskap i 1996. Internettsatsinga starta i 1994.



NRK sine stasjonar/kanalar |


Radio



  • NRK P1 (starta i 1933)


  • NRK P2 (starta i 1984)


  • NRK P3 (starta i 1993)

  • NRK P1+ (starta i 2013)

  • NRK P13 (starta 2014)


  • NRK Klassisk (starta i 1995)


  • NRK Alltid Nyheter (starta i 1997)


  • NRK (Alltid) Folkemusikk (starta 7. desember 2004)


  • NRK (Alltid) Jazz (starta i 2000, lagt ned same år, starta i 2007 att)


  • NRK Metro (starta i 2000, lagt ned i 2001)


  • NRK mP3 (starta i 2000)


  • NRK Stortinget (starta i 2000, sendast berre på bakkenettet)


  • NRK Sápmi (dei fyrste samiske radiosendingane starta i 1946)

  • NRK Super (barnetilbod - starta 2007)

  • NRK Sport (starta i 2007)

  • NRK Båtvær (Sør, Vest og Nord - starta 2007)


TV



  • NRK1 (starta i 1960)


  • NRK2 (starta i 1995)


  • NRK3 (starta i 2007)


  • NRK1 Teiknspråk (starta i 2001?)


  • NRK1 HD (starta 12. februar 2010)



Forkortinga |


N.R.K. som forkorting slo gjennom i 1945. Endå seinare vart «NRK» vanleg.


Før 1945 var den meste brukte forkortinga NR (eller N.r. og N.R.). Raudekrossen (Norges Røde Kors) protesterte mot at NRK skulle tyda "Norsk rikskringkasting".



Kjelder |





  1. «Kringkastingssjefene«, NRK.no (29.10.2014).




Bakgrunnsstoff |



  • Om NRK

  • Soga om NRK

  • NRK.no

  • NRK - årsrapport og årsreknskap





































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva