Glas

Multi tool use
Multi tool use




For bygningsdelen, sjå vindauge.



Drikkeglas av glas.


Glas er eit amorft (ikkje-krystallinsk) materiale som vanlegvis er gjennomsiktig. Dei fleste glastypar er baserte på silisiumdioksid (SiO2).



Produksjon |


Kvartsglas vert laga ved å varma rein (SiO2) til over 2000 °C. Ved å blanda inn andre oksid kan ein endra eigenskapane. Ulike metall og metalloksid kan gje glaset farge. Kobolt gjer glaset blått, koparoksid gjev turkis farge og metallisk gull i små konsentrasjonar gjev raudfarge. Sølvsambindingar kan gje mange ulike fargar.


I Noreg vart til saman sju glasverk grunnlagt på 1700-talet. Hadeland glassverk er nok det mest kjende.


Glas er eit fast stoff ved normale temperaturar på jordyta. Det er ein utbreidd myte at glas er ei (uhyre) treigtflytande væske, men årsaka til at glas i svært gamle vindauge ofte er tjukkare i den nedre delen av rutene enn i den øvre, er truleg at glasplatene ikkje var perfekte, og at glasmeistrane då naturleg nok valde å setja rutene inn med den tjukke kanten nedst.




Glas som kunst i eit glasmåleri.



Bruk |


Glas vert brukt til vindauge, lyspærer, drikkeglas, laboratorieutstyr og mykje anna. Glas vert òg brukt i kunstverk, som glasmåleri.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glas



  • Norsk glashandverk på 1700-talet


  • Hadeland glassverk

    Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






bvud0rsumc ilnjL QtmPEt1gE6xJt3gX z6cf95zztFiOOSckJd,zWwe,dyT4mE
f6VD,im12o,M3e9G0g6tVIlJCMG4f4dB xj 3w58ex2OldVhaa

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium