Tromsø














































Tromsø

By

Tromso Tromsø Norway tunliweb 02.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms

Kommune

Tromsø

Areal
13,12 km²

Folketal
38 980 (2017)
Folketettleik

2 971 / km²


Innbyggjarnamn
tromsøværing
Preposisjon

i Tromsø


Tromsø er ein by og administrasjonssenteret i Tromsø kommune i Troms fylke. Byen har 38 980 innbyggjarar per 1. januar 2017. Kommunen Tromsø har eit folketal på 000000000075638.000000000075 638 og er den mest folkerike kommunen i Nord-Noreg.


Tromsø ligg i hovudsak på Tromsøya, som har tre faste samband. Byen er knytt til fastlandet via Tromsøbrua over Tromsøysundet, som er eitt av dei mest kjende landmerka i byen, og Tromsøysundtunnelen som går 100 meter under same sund. Til Kvaløya vest for Tromsøya er det samband via Sandnessundbrua. Jorda under byen er gjennombora av eit effektivt tunnelsystem for biltrafikk mellom sentrum, dei sørlege delane av byen og flyplassen, Tromsø lufthamn.



Byområdet |





Tettstaden Tromsø ligg dels på øya Tromsø, dels på fastlandet (Tromsdalen) og på Kvaløya.


Bykjernen ligg på søraustsida av Tromsøya, ei grøn og låg øy på 21 km². Høgaste punkt på Tromsøya er Varden, 159 moh., nord på øya. Midt på øya ligg eit vatn, Prestvannet, som blei demma opp i 1867. Busetnad dekker store delar av øya, men det er skogområde langsmed høgdedraget som strekker seg i retning nord–sør. På vestsida av øya er det noe jordbruksland.


Mot vest er Kvaløya forbundet med Tromsøya med den 1220 meter lange Sandnessundbrua. På Kvaløya ligg bydelane Kvaløysletta, som ligg direkte over brua, Storelva, Kaldfjord og Håkøybotn. Aust for Tromsøya ligg fastlandet, som er forbundet med Tromsøya med den 1016 meter lange Tromsøbrua og den 3500 meter lange Tromsøysundtunnelen. Bydelane på fastlandet heiter Tromsdalen, Tomasjord og Kroken.


Universitetet i Tromsø er verdas nordlegaste universitet og Macks Ølbryggeri er eitt av verdas nordlegaste bryggeri.



Busetnad |





Tromsøbrua sett frå sentrum.


Tromsø hadde 7100 innbyggjarar i 1900, 15 492 innbyggjarar i 1950 og 28 882 innbyggjarar i 1970. I 1970-åra hadde byen sin kraftigaste vekstperiode, og voks til fastlandssida av Tromsøysundet. Etter at Sandnessundbrua til Kvaløya opna i 1974 har Tromsø også vakse vestover, mellom anna til Kvaløysletta. I 2007 budde over 80 % av innbyggjarane i Tromsø kommune i tettstaden Tromsø. Byen er eit viktig innpendlingsområde, delvis frå utkantane i kommunen, delvis frå andre kommunar.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Tromsø» frå Wikipedia på svensk, den 3. juli 2012.



  • «Tromsø» i Store norske leksikon, snl.no.


  • «Tromsø – bosetning» i Store norske leksikon, snl.no.

    Spire Denne Tromsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva