Junior Eurovision Song Contest





Sjå òg Eurovision (fleirtyding).

Junior Eurovision Song Contest (JESC) er ein musikkonkurranse for born mellom 10 og 15 år, basert på Eurovision Song Contest som har blitt arrangert årleg sidan 2003. Den vart fyrst arrangert i Danmark i 2000 under namnet Dansk Melodi Grand Prix Junior. I 2002 vart resten av dei skandinaviske landa med, då gjekk konkurransen under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, og frå og med 2003 vart konseptet utvida i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen til å omfatte heile Europa og konkurransen fekk frå dette året namnet Junior Eurovision Song Contest.


Teksten må vere på eit av dei nasjonale språka i landet dei bur i. Det finst likevel unntak, som Georgia, som song på eit kunstig språk i 2008, og Nederland, som song på nederlandsk og engelsk i 2009. Songen må vare mellom to minutt og 30 sekundar og to minutt 45 sekundar. Når dei er ferdige med å skrive tekst og melodi, kan dei sende songen til TV-kanalen som har den nasjonale finalen. Sidan 2005 har alle land fått 12 poeng før avstemminga. Avstemminga fungerer på same vis som i Eurovision Song Contest.


I 2006 heldt Danmark, Sverige og Noreg igjen ein egen Melodi Grand Prix Junior Nordic, i protest mot behandlinga av borna i den europeiske utgåva. Dermed blir det kvart år arrangert to europeiske finalar i Melodi Grand Prix for unge: ein for Norden og ein for resten av Europa.




Innhaldsliste






  • 1 Deltakarar


  • 2 Vinnarar


  • 3 Forholdet mellom Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest


  • 4 Fotnotar


  • 5 Kjelder





Deltakarar |


36 land har delteke minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:



















































År Land som debuterte i tevlinga
2003
Flagget til Belgia Belgia, Flagget til Danmark Danmark, Flagget til Hellas Hellas, Flagget til Kviterussland Kviterussland, Flagget til Kroatia Kroatia, Flagget til Republikken Kypros Kypros, Flagget til Latvia Latvia, Det makedonske flagget Makedonia, Flagget til Malta Malta,
Det nederlandske flagget Nederland, Flagget til Noreg Noreg, Flagget til Polen Polen, Flagget til Romania Romania, Flagget til Spania Spania, Det britiske flagget Storbritannia, Flagget til Sverige Sverige
2004
Flagget til Frankrike Frankrike, Flagget til Sveits Sveits
2005
Flagget til Russland Russland, Flagget til Serbia og Montenegro Serbia og Montenegro[Note 1]
2006
Flagget til Portugal Portugal, Flagget til Serbia Serbia[Note 2], Flagget til Ukraina Ukraina
2007
Flagget til Armenia Armenia, Flagget til Bulgaria Bulgaria, Flagget til Georgia Georgia, Flagget til Litauen Litauen
2010
Flagget til Moldova Moldova
2012
Flagget til Albania Albania, Flagget til Aserbajdsjan Aserbajdsjan, Flagget til Israel Israel
2013
Flagget til San Marino San Marino
2014
Flagget til Italia Italia , Flagget til Montenegro Montenegro[Note 2], Flagget til Slovenia Slovenia
2015
Flagget til Australia Australia, Det irske flagget Irland
2018
Flagget til Kasakhstan Kasakhstan, Flagget til Wales Wales


Vinnarar |











































































































































År Vertsby og land Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2003
København i Danmark

Flagget til Kroatia Kroatia
«Ti Si Moja Prva Ljubav» Dino Jelusić
Kroatisk
2004
Lillehammer i Noreg

Flagget til Spania Spania
«Antes Muerta Que Sencilla» María Isabel
Spansk
2005
Hasselt i Belgia

Flagget til Kviterussland Kviterussland
«My Vmeste» Ksenia Sitnik
Russisk
2006
Bucureşti i Romania

Flagget til Russland Russland
«Vesenniy Jazz»
Masja Tolmatjova & Nastia Tolmatjova

Russisk
2007
Rotterdam i Nederland

Flagget til Kviterussland Kviterussland
«S Drus'yami» Alexej Zjigalkovitsj
Russisk
2008
Limassol på Kypros

Flagget til Georgia Georgia
«Bzz...» Bzikebi
Kunstig
2009
Kiev i Ukraina

Det nederlandske flagget Nederland
«Click Clack» Ralf Mackenbach
Nederlandsk, engelsk
2010
Minsk i Kviterussland

Flagget til Armenia Armenia
«Mama» Vladimir Arzumanjan
Armensk
2011
Jerevan i Armenia

Flagget til Georgia Georgia
«Candy Music» CANDY
Georgisk, engelsk
2012
Amsterdam i Nederland

Flagget til Ukraina Ukraina
«Nebo» Anastasiya Petryk
Ukrainsk, engelsk
2013
Kiev i Ukraina

Flagget til Malta Malta
«The Start» Gaia Cauchi
Engelsk
2014
Marsa på Malta

Flagget til Italia Italia
«Tu Primo Grande Amore» Vincenzo Cantiello
Italiensk, engelsk
2015
Sofia i Bulgaria

Flagget til Malta Malta
«Not My Soul» Destiny Chukunyere
Engelsk
2016
Valletta på Malta

Flagget til Georgia Georgia
«Mzeo» Mariam Mamadashvili
Georgisk
2017
Tbilisi i Georgia

Flagget til Russland Russland
«Wings» Polina Bogusevitsj
Russisk, engelsk
2018
Minsk i Kviterussland

Flagget til Polen Polen
«Anyone I Want To Be» Roksana Węgiel
Polsk, engelsk


Forholdet mellom Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest |


Nevena Božović som representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 og enda på tredjeplass, representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 som ein del av trioen Moje 3 og vart den fyrste som deltok i Eurovision Song Contest etter å ha delteke i Junior Eurovision Song Contest. Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen. Weronika Bochat som var støttevokalist for polske Marcin Mroziński i Eurovision Song Contest 2010, var òg ein del av KWADro som representerte Polen i Junior Eurovision Song Contest 2004.


Tolmachevy Twins som vann Junior Eurovision Song Contest 2006 for Russland var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 i den russiske hovudstaden Moskva. I 2014 representerte dei Russland i Eurovision Song Contest 2014 med songen «Shine». Dei kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen, og enda til slutt på sjuandeplass i finalen.


Michele Perniola og Anita Simoncini som representerte San Marino i Junior Eurovision Song Contest i høvevis 2013 og 2014 (som ein del av gruppa The Peppermints), representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Chain of Light». Dei enda på sekstandeplass i den andre semifinalen. Anita Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.[1]


Molly Sandén som representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Melodifestivalen 2009 og 2012, dei svenske uttakingane til Eurovision Song Contest 2009 og 2012. Malin Reitan som representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2005 deltok i Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Mários Tofí som representerte Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004 enda på andreplass i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006. Dani Fernández som representerte Spania i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, som ein del av gutegruppa Auryn.


Sophie Debattista og Daniel Testa, som representerte Malta i Junior Eurovision Song Contest 2006 og Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014. Victoria Petryk, som representerte Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den ukrainske uttakinga i 2014 og enda på andre plass.


I 1992 var Nadia Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting under Eurovision Song Contest 1992. Tolv år seinare, i 2004, var ho programleiar for Junior Eurovision Song Contest på Lillehammer i Noreg saman med Stian Barsnes Simonsen. Ho har òg vore programleiar for Melodi Grand Prix Junior, den norske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest. Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting. I 2010 var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Bærum i Noreg saman med Haddy N'jie og Erik Solbakken, og i 2011 og 2012 var ho talsperson for Noreg då røystane vart delt ut.


Ani Lorak som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2008, og tok del i den ukrainske uttakinga i 2005, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2009 i den ukrainske hovudstaden Kiev saman med Timur Miroshnychenko og Dmytro Borodin. Zlata Ognevitsj som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2013, og deltok i dei ukrainske uttakingane i 2010 og 2011, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev saman med Timur Miroshnychenko.



Fotnotar |





  1. Oppløyst i 2006.


  2. 2,02,1 Ein del av Serbia og Montenegro før landet vart oppløyst i 2006.




Kjelder |



  • Denne artikkelen byggjer på «JESC» frå Wikipedia på bokmål og «JESC» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011.





  1. Jiandani (27. november 2014). «San Marino: Michele Perniola and Anita Simoncini to Vienna!» (engelsk). esctoday.com. Henta 20. november 2015. 


















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva