Mark Farner
Mark Farner | |
Mark Farner på the Fall Fest i Lawrenceburg i Indiana, 26. september 2009. | |
Fødd | 29. september 1948 (70 år) Flint i Michigan i USA |
Instrument | Gitar, vokal, klaverinstrument, munnspel, bassgitar |
Sjanger | Rock, hardrock, CCM |
Aktive år | 1965 til i dag |
Yrke | Musikar, låtskrivar |
Tilknytte artistar | Grand Funk Railroad, Terry Knight and the Pack, N'rG, Ringo Starr & His All-Starr Band, Edgar Winter, Rick Derringer, Dave Mason |
Plateselskap | Capitol, MCA, Atlantic, Warner, Lismark |
Mark Fredrick Farner (fødd 29. september 1948) er ein USA-amerikansk songar, gitarist og låtskrivar. Han er best kjend som songar og gitarist i Grand Funk Railroad, og seinare som kristen musikar.
Innhaldsliste
1 Biografi
2 Med Grand Funk Railroad
3 Etter Grand Funk Railroad
4 Diskografi
4.1 Studioalbum
4.2 Andre album
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Biografi |
Farner byrja karrieren sin med å spele med Terry Knight and The Pack (1965–1966), The Bossmen (1966), The Pack (eller The Fabulous Pack) (1967–1968), før han skipa Grand Funk Railroad med Don Brewer (trommer) og Mel Schacher (bassgitar) i 1968. Craig Frost (klaverinstrument) kom med i bandet i 1973. Farner stammar frå cherokee-stamma på morssida.[1]
Med Grand Funk Railroad |
Farner var gitarist og songar i Grand Funk Railroad, i tillegg til at han skreiv dei fleste songane deira. Den mest kjende songen hans er «I'm Your Captain (Closer to Home)».[2] Han skreiv òg hitten «Bad Time» frå 1975, den siste av dei fire singlane til bandet som nådde topp 5 på Billboard Hot 100.[3]
Etter Grand Funk Railroad |
Etter at Grand Funk først vart oppløyst i 1976, gav Farner ut det første soloalbumet sitt i 1977.[4] Det andre, No Frills, kom i 1978.[5] I 1981 gjekk Farner og Don Brewer i lag med ein ny Grand Funk-besetning og spelte inn to album, Grand Funk Lives og What's Funk?. Farner gjekk solo igjen i 1988 med Just Another Injustice. Farner hadde suksess med John Beland-songen «Isn't it Amazing», som han vart nominert til Dove Award og som nådde andreplassen på Contemporary Christian music-lista.
Frå 1994 til 1995 turnerte Farner med Ringo Starr's Allstars, i lag med Randy Bachman, John Entwistle, Felix Cavaliere, Billy Preston, og sonen til Starr, Zak Starkey.[6]
Diskografi |
Studioalbum |
Mark Farner, 1977
No Frills, 1978
Just Another Injustice, 1988
Wake Up, 1989
Some Kind of Wonderful, 1991
For the People, 2006
Andre album |
Closer to Home, 1992 (best-of)
Heirlooms: The Complete Atlantic Sessions, 2000 (nyutgjeving av Farner)
Red White and Blue Forever, 2002 (mini-album)
Live!! N'rG, 2003
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Mark Farner» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2016.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Smith, Noel Lyn. «Grand Funk's frontman to rock Jackson arena». navajotimes.com. Henta 2. august 2016.
↑ Grand Funk Railroad. VH1 Behind the Music. March 7, 1999.
↑ Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singlar 1955–2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 288. ISBN 0-89820-155-1.
↑ http://www.discogs.com/Mark-Farner-Mark-Farner/master/218900
↑ http://www.discogs.com/Mark-Farner-Band-No-Frills/release/2941421
↑ «‘Funk’ frontman headlines special concert». Branson Tri-Lakes News. Henta 2. august 2016.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Mark Farner
- [www.markfarner.com Offisiell side]
- Intervju med Mark Farner frå 2008
Grand Funk Railroad | |
---|---|
Don Brewer · Mel Schacher · Max Carl · Tim Cashion · Bruce Kulick · Mark Farner · Craig Frost · Dennis Bellinger · Howard Eddy Jr. | |
Studioalbum | On Time · Grand Funk · Closer to Home · Survival · E Pluribus Funk · Phoenix · We're an American Band · Shinin' On · All the Girls in the World Beware!!! · Born to Die · Good Singin', Good Playin' · Grand Funk Lives · What's Funk? · Monumental Funk |
Konsertalbum | Live Album · Caught in the Act · Bosnia · Live: The 1971 Tour |
Samlealbum | Mark, Don & Mel: 1969–71 · Grand Funk Hits · Capitol Collectors Series · Thirty Years of Funk: 1969–1999 · Classic Masters · Greatest Hits |
Singlar | «Inside Looking Out» · «I'm Your Captain (Closer to Home)» · «Feelin' Alright?» · «Gimme Shelter» · «We're an American Band» · «Walk Like a Man» · «The Loco-Motion» · «Some Kind of Wonderful» · «Bad Time» |
Tilknytt | Diskografi · Terry Knight · Terry Knight and the Pack |
|