Sement er eit materiale med adhesive eigenskapar. Finmolne materialar blandast med vatn og herdar eit sterkt bindemiddel. Sement blir stort sett nytta som mørtel eller betong.
Namnet kjem frå latin caementum, «små steinar», som opphavleg er ein referanse til småstein som blei blanda inn for å lage betong.
Innhaldsliste
1Moderne sementproduksjon
2Sementproduksjon i Noreg
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Moderne sementproduksjon |
Kalkstein med høgt innhald av kalsiumkarbonat blir brote og male i fleire omgangar til mjøl. Dette mjølet blir tilsett stoff som gips, bauxitt og kvarts for å styra eigenskapane til den ferdige sementen.
Mjølet blir brent i roterande omnar i fleire omgangar. I første omgang kalisinerast råmateriala ved om lag 1000° C. Då blir karbondioksyd drive ut og ein får kalsiumoksyd (brent kalk). I neste omgang er oppvarminga til 1450° C og ulike mineral blir danna ved reaksjonar mellom oksyd i råmjølet. Det skjer og ei delvis smelting av mjølet og partiklane sintrar saman til små kuler kalla klinker. Klinkeren blir bråkjølt ned til ca. 200° C.
Til slutt blir klinkeren mole med fleire tilsettingsstoff, som gips, flygeoske og jarnsulfat, til den partikkelstorleiken ein ynskjer. Det er dette pulveret som blir blanda med vann kort tid før bruk som mørtel eller betong.
Sementproduksjon i Noreg |
Noregs første sementfabrikk blei grunnlagt 1841 på Norde Langøy i Oslofjorden.
I 1888 starta oppbygginga av ein sementfabrikk i Slemmestad lengre ut i fjorden. Eit tysk-svensk selskap stod bak. I 1892 overtok norske interesser og stifta Aktieselskabet Christiania Portland Cementfabrik (CPC). CPC var einaste norske sementfabrikken dei neste 25 åra.
I 1968 var det tre sementfabrikkar att i Noreg og dei fusjonerte under namnet Norcem. Produksjonen i Slemmestad blei lagt ned i 1989. Det blir no produsert sement i Brevik og Kjøpsvik.
Bakgrunnsstoff |
Cementmuseet i Slemmestad
Norcem
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Sement» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2006.
Cementmuseet i Slemmestad
Norcem
Denne teknologiartikkelen som har med arkitektur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...