Novodevitsjijgravstaden






Novodevitsjijgravstaden om vinteren




Anton Tsjekhov si grav. Utforma av Fjodor Sjekhtel




Novodevitsjijgravstaden (russisk: Новоде́вичье кла́дбище, Novodevitsje kladbisjtsje) er ein gravstad i Moskva i Russland. Gravstaden ligg ved sidan av verdsarvstaden nonneklosteret Novodevitsjij frå 1500-talet. Han er den tredje mest besøkte turistattraksjonen i byen.


Kyrkjegarden vart innvigd i 1898, då det var mangel på gravplassar i klosteret. Ein av dei første kjende som vart gravlagd på Novodevitsjij-kyrkjegarden var Anton Tsjekhov.


I dag har kyrkjegarden graver til russiske forfattarar, musikarar og poetar, så vel som kjende skodespelarar, politikarar og vitskapsmenn. Meir enn 27 000 er gravlagde i Novodevitsjijgravstaden.


Gravlunden minner om ein park, med små kapell og store skulpturerte monument. Han er delt inn i ein austleg og vestleg seksjon.


Kart over gravstaden er tilgjengeleg i kontoret på kyrkjegarden.



Bilethoggarar |


Verk av desse bilethoggarane, mellom andre, finst på Novodevitsjijgravstaden: Sergej Konenkov, Vera Mukhina, Ernst Neizvestnij, Ivan Sjadr og Jevgenij Vutsjetitsj.



Berømte gravlagde |




  • Nadjesjda Allilujeva, (1901–1932), kona til Josef Stalin.


  • Pavel Beljajev, (1925–1970), kosmonaut


  • Sergej Bondartsjuk, (1920–1994), regissør og skodespelar


  • Aleksej Brusilov, (1854–1926), general


  • Mikhail Bulgakov, (1881–1940), forfattar


  • Nikolaj Bulganin, (1895–1975), statsmann


  • Anton Tsjekhov, (1860–1904), forfattar


  • Fjodor Sjaljapin, (1873–1938), operasongar


  • Ilja Ehrenburg, (1891–1967), forfattar


  • Sergej Eisenstein, (1898–1948), regissør


  • Nikolaj Gogol, (1809–1852), forfattar


  • Sergej Iljusjin, (1894–1977), flydesignar


  • Boris Jeltsin, (1931–2007), statsleiar


  • Nikita Khrusjtsjov, (1894–1971), statsmann


  • Pjotr Kropotkin, (1842–1921), anarkist


  • Lev Landau, (1908–1968), Nobelpristakar i fysikk


  • Isaak Levitan, (1860–1900), målar


  • Vjatsjeslav Molotov, (1890–1986), politikar


  • Sergej Obraztsov, (1901-1992), dokketeatermann


  • David Oistrakh, (1908–1974), fiolinist


  • Sergej Prokofjev, (1891–1953), komponist


  • Lidija Ruslanova, (1900-1973), folkesongarinne


  • Valentin Serov, (1865–1911), målar


  • Dmitrij Sjostakovitsj, (1906–1975), komponist


  • Vasilij Sjuksjin, (1929–1974), forfattar og skodespelar


  • Konstantin Stanislavskij, (1863–1938), regissør og teoretikar i det moderne teateret


  • Andrej Tupolev, (1888–1972), flykonstruktør



Bakgrunnsstoff |



  • Fotografi

  • Fleire fotografi



  • Kjende og pittoreske minnesmerke (24), fotografert i juni 2005


  • Novodevichy Cemetery (på russisk) – artikkel frå sovjetisk encyclopedi]





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva