Vikingtida






Biledsten med seglskip frå Smiss på Gotland.




Biledsten med seglskip frå 800-1099 frå Tjängvide på Gotland.


Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk histore som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet. Ho var prega av vikingane, skandinaviske krigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa og gjekk over i mellomalderen.




Innhaldsliste






  • 1 Avgrensing av vikingtida


  • 2 Årsaker til at folk reiste i viking


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Avgrensing av vikingtida |


Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787 evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteret på Lindisfarne i 793 som er rekna som start på vikingtida.[1][2] Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidlig på 700-talet.[3]
Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.



Årsaker til at folk reiste i viking |


Ein veit ikkje kvifor folk byrja dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i sin iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.[4]





Kjelder |


Referansar



  1. Krag (2000): 28


  2. Jon Vidar Sigurdsson (1999): 10


  3. Norgeshistorie.no, Per Ditlef Fredriksen, «Grunnlaget for vikingtida». Henta 21. des. 2017.


  4. «Bakgrunnen for Vikingtiden – Oseberg Båtlag», sagaoseberg.no (på bokmål), henta 2018-11-04 


Bibliografi


  • Jon Vidar Sigurdsson, Norsk historie 800-1300. Det norske samlaget, Oslo 1999

  • Krag, Claus, Norges historie fram til 1319. Universitetsforlaget, Oslo 2000



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Vikingtiden» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018.



Bakgrunnsstoff |



  • Arkeologinettstaden Gamle Naboar: Vikingtida

  • Vikingtida - presentasjon

  • Vikingtida- undervisingsopplegg

  • Familielivet i vikingtida


  • Vikingtida (793-1066) - Daria.no

    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva