1960
< 1960 > | ||||||||||||||||||||||||||
1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1960 (romartal MCMLX) er blitt kalla Afrika-året (the Year of Africa) ettersom seksten afrikanske land fekk sjølvstende i løpet av året.
Innhaldsliste
1 Hendingar
1.1 Utlandet
1.2 Noreg
2 Fødde
3 Døde
Hendingar |
Utlandet |
1. januar: Fransk Kamerun fekk sjølvstende frå Frankrike.
27. april: Togo fekk sjølvstende frå Frankrike.
20. juni: Maliføderasjonen mellom Senegal og Den sudanske republikken fekk sjølvstende frå Frankrike. Landet delte seg snart i Mali og Senegal.
26. juni: Britisk Somaliland fekk sjølvstende og gjekk fem dagar seinare i union med det tidlegare Italienske Somaliland til det noverande Somalia.
Madagaskar fekk sjølvstende frå Frankrike som Den malagassiske republikken.
30. juni: Belgisk Kongo fekk sjølvstende frå Belgia. Borgarkrig braut etter kvart ut i landet.
1. juli: Ghana blei republikk med Kwame Nkrumah som sin første president.
11. juli: Moise Tshombe erklærte den kongolesiske provinsen Katanga sjølvstendig. Han bad om, og fekk, belgisk støtte.
27. juli: OECD blei grunnlagd i Paris.
1. august: Dahomey, no Benin, fekk sjølvstende frå Frankrike.
3. august: Niger fekk sjølvstende frå Frankrike.
5. august: Øvre Volta, no Burkina Faso, fekk sjølvstende frå Frankrike.
7. august: Elfenbeinskysten (Côte d'Ivoire) fekk sjølvstende frå Frankrike.
Albert Kalonji erklærte Sør-Kasai sjølvstendig frå noverande Kongo-Brazzaville.
11. august: Tsjad fekk sjølvstende frå Frankrike.
13. august: Oubangi-Chari, seinare Den sentralafrikanske republikken, fekk sjølvstende frå Frankrike.
15. august: Midt-Kongo fekk sjølvstende frå Frankrike som Kongo-Brazzaville.
16. august: Kypros fekk sjølvstende frå Storbritannia.
1. oktober: Nigeria fekk sjølvstende frå Storbritannia.
24. oktober: Zambia fekk sjølvstende frå Storbritannia.
28. november: Mauritania fekk sjølvstende frå Frankrike.
15. desember: Kong Mahendra av Nepal avsette regjeringa og tok makta i landet.
Frigjeringsrørsla SWAPO vart grunna i Namibia.
Hutuane danna eige parti som vann over tutsiaristokratiet i val i Rwanda.
Noreg |
- Lov om bustadbyggelag og lov om borettslag blei vedtatt
NRK starta regulære fjernsynsendingar.
Fødde |
- Sjå òg Fødde i 1960.
4. januar: Michael Stipe, USA-amerikansk musikar
6. februar: Per Sandberg, norsk politikar
15. februar: Bjørg Eva Jensen, norsk skeiseløpaer
21. mars: Ayrton Senna, brasiliansk bilførar
25. mars: Chad Wackerman, USA-amerikansk musikar
29. mars: Jo Nesbø, norsk forfattar og musikar
2. april: Linford Christie, britisk friidrettsutøvar
5. mai: Øystein Djupedal, norsk politikar
8. mai: Franco Baresi, italiensk fotballspelar
10. mai: Merlene Ottey, jamaicansk friidrettsutøvar
14. juli: Angélique Kidjo, beninsk musikar
4. august: José Luis Rodríguez Zapatero, spansk statsminister
25. august: Jonas Gahr Støre, norsk politikar
2. september: Kristin Halvorsen, norsk politikar
14. oktober: Steve Cram, britisk friidrettsutøvar
30. oktober: Diego Maradona, argentinsk fotballspelar
8. desember: Inger Helene Nybråten, norsk langrennsløpar
11. desember: Frode Grytten, norsk forfattar og journalist
Døde |
- Sjå òg Døde i 1960.
4. januar: Albert Camus, fransk forfattar og nobelprisvinnar (bilulukke)
12. januar: Nevil Shute, britisk forfattar
25. mars: Knut Uksnøy, norsk fiskar og organisasjonsleiar
10. april: Arthur Benjamin, australsk toneskapar
17. april: Eddie Cochran, USA-amerikansk musikar
28. mai: Nic Waal, norsk lege
30. mai: Boris Pasternak, sovjetrussisk forfattar
6. juli: Aneurin Bevan, britisk politikar
9. september: Jussi Björling, svensk songar
14. oktober: Sigurd Hoel, norsk forfattar
25. oktober: Harry Ferguson, britisk oppfinnar og næringsdrivar
Hans Aarnes, norsk forleggjar
2. desember: Lauritz Weibull, svensk historikar
12. desember: Christopher Hornsrud, norsk stastminister
29. oktober: Johan Gunnar Andersson, svensk arkeolog
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>