Kjell Magne Bondevik



















































































































Kjell Magne Bondevik

KjellMagneBondevik.JPG

Kjell Magne Bondevik i Sydney, Australia i 2005
Foto: Bjarte Sørensen

Fødd

3. september 1947 (71 år)

Molde, Noreg


Parti

Kristeleg Folkeparti

1. verv

Statsminister i Noreg
 - periode
19. oktober 2001–17. oktober 2005
 - regjering

Bondevik II
 - føregjengar

Jens Stoltenberg
 - etterfylgjar

Jens Stoltenberg
2. verv

Statsminister i Noreg
 - periode
17. oktober 1997–17. mars 2000
 - regjering

Bondevik I
 - føregjengar

Thorbjørn Jagland
 - etterfylgjar

Jens Stoltenberg
3. verv

Utanriksminister i Noreg
 - periode
16. oktober 1989–3. november 1990
 - regjering

Syse
 - føregjengar

Thorvald Stoltenberg
 - etterfylgjar

Thorvald Stoltenberg
4. verv

Kyrkje- og undervisingsminister i Noreg
 - periode
8. juni 1983–9. mai 1986
 - regjering

Willoch
 - føregjengar

Tore Austad
 - etterfylgjar

Kirsti Kolle Grøndahl
5. verv

Stortingsrepresentant
 - periode
1. oktober 1973–30. september 2005
 - valkrins

Møre og Romsdal

Ektefelle
Bjørg Bondevik


KM Bondevik Signature.svg


Kjell Magne Bondevik (fødd 3. september 1947 i Molde) er teolog (cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1975) og ein tidlegare norsk politikar i (KrF).




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Prisar og utmerkingar


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelder





Karriere |


Han var kyrkje- og undervisingsminister i Willoch-regjeringa 1983–86 og utanriksminister i Syse-regjeringa 1989–90.
Frå 17. oktober 1997 til 3. mars 2000 var Bondevik statsminister i ei trepartiregjering mellom KrF, Senterpartiet og Venstre. Denne regjeringa vart kalla Sentrumsregjeringa og vart felt på spørsmålet om forureiningsfrie gasskraftverk. Bondevik var òg statsminister for ei mindretalsregjering utgjort av KrF, Høgre, og Venstre frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Denne regjeringa kalla seg sjølv Samarbeidsregjeringa og gjekk av etter valnederlaget i 2005. Bondevik si andre regjering var den første som hadde sete ein heil valperiode sidan Per Borten si fyrste regjering 1965–1969.


Kjell Magne Bondevik sat på Stortinget for Møre og Romsdal frå 1973 til 2005. Han var partileiar i Kristeleg folkeparti frå 1983 til 1995.


Kjell Magne Bondevik er nevø av politikaren Kjell Bondevik og fetter av biskop Odd Bondevik. Kjell Magne voks opp som son av rektoren ved ein kristen folkehøgskule i Molde og tok examen artium ved Molde kommunale høgre ålmennskule. Han gifta seg og stifta familie med ungdomskjærasten frå heimbyen, Bjørg Rasmussen.


Han gav i 2006 ut boka Et liv i spenning, gjennom forlaget Aschehoug.



Prisar og utmerkingar |



  • Bondevik vann Petter Dass-prisen i 1997.

  • Under si andre regjeringtid vart Bondevik i 2004 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

  • For boka Fortellingen om Aung San Suu Kyi fekk han Ordknappen 2010.



Sjå òg |



  • Lengst sitjande norske statsministrar

  • Liste over norske statsministrar

  • Liste over norske regjeringar

  • Liste over norske utanriksministrar

  • Kjell Magne Bondevik si fyrste regjering

  • Kjell Magne Bondevik si andre regjering



Kjelder |



  • «Kjell Magne Bondevik». Stortinget.no. 




















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva