Ordenstal




Ordenstal skildrar nummer i ei rekkje, og kan derfor og nemnast som rekkjetal. Første er ordenstalet som viser til nummer éin i ei rekkje.


I nynorsk blir første følgt av andre, medan bokmål har alternativet annen i tillegg til andre.
Deretter følgjer tredje, fjerde, femte osb.


Ordenstal skrive med tal må ha eit punktum etter seg.


Døme: 4. juli, 18. mai, 51. bataljon


Ordenstala er adjektiv, til skilnad frå grunntala, som er determinativar. Jf:




  • Den fine / første / andre boka (adjektiv)


  • Nokre / to / fjorten / ingen bøker (determinativ)



Kjelder |



  • Språkrådet

  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo 1995: Norsk referansegrammatikk




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva