Kaveri















































Kaveri

ಕಾವೇರಿ ನದಿ
காவேரி ஆறு
Kavery, Cauvery

Elv

Shivana Samudra.jpg

Sivasamudramstryka i Kaveri i Karnataka.

Land

Flag of India.svg India
Statar

Karnataka, Tamil Nadu, Puducherry
Region

Sør-India

Byar
Talakaveri


Lengd
765 km

Kjelde

Talakaveri i Kodagu i Dei vestlege Ghatfjella
Munning
Kaverideltaet i Bengalbukta





Kart over løpet til Kaveri.


Kart over løpet til Kaveri.



Wikimedia Commons: Kaveri


Kaveri er ei elv som renn gjennom Sør-India frå Dei vestlege Ghatfjella vest i landet til Bengalbukta i aust.[1] Ho er rundt 765 km lang.[1] Kaveri er ei heilag elv for hinduar, og blir som Godavari også kalla Dakshin Ganga ('Sør-Ganges').[1] Ho er særs viktig i tamilsk litteratur både som heilagdom og som landskapsbilete.[2]


Elva har utspring ved valfartsstaden Talakaveri som ligg rundt 1500 moh. i Brahmagiri i Dei vestlege Ghatfjella.[1] Ho har eit nedslagsfelt på rundt 71 700 km².[1]




Kaveri ved Tiruchchirappalli (Trichy) og Srirangam.


Elva renn hovudsakleg sør- og austover. Dei øvre delane er prega av stryk og bratte elvebreidder.[2]
I Karnataka deler Kaveri seg dei heilage elveøyane Srirangapatnam og Sivasamudram, der ein også finn ei rekkje stryk som mellom anna er bygde ut til vasskraft.[2] I Tamil Nadu er ho oppdemd ved Mettur, både til vasskraft og til forbetra kunstig vatning.[2] Aust i Tamil Nadu dannar Kaveri ei ny heilag valfartsøy, Srirangam, ved Tiruchchirappalli. Her er ho blitt demd opp ved Grand Anicut i oldtida og på ny i 1836–38 (den nordlege Kollidam-delen).[2]


Ho munnar ut i Bengalbukta gjennom to hovudmunningar i Kaverideltaet.[1]
Dette deltaet sør for Cuddalore er rundt 10 000 km² stort og er kjend som «hagen til Sør-India».[2] Kaveri er ei særs viktig kjelde til kunstig vatning, og har livnært både eldgamle sørindiske rike og moderne byar.[1]


Elva har mange bielvar, som Shimsha, Hemavati, Arkavathy, Kapila, Honnuhole, Lakshmana Tirtha, Kabini, Lokapavani, Bhavani, Noyyal og Amaravati.[1]



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |





  1. 1,01,11,21,31,41,51,61,7 Rivers of India, nih.ernet.in


  2. 2,02,12,22,32,42,5 Kaveri River, britannica.com






Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal