Mick Jones frå Foreigner










































Mick Jones

Mickjones2009.jpg
Jones med Foreigner på VMWorld i San Francisco i 2009
Verkeleg namn Michael Leslie Jones
Fødd
27. desember 1944 (74 år)
Portsmouth
Instrument

Gitar, keyboard, vokal


Sjanger
Rock, hardrock
Aktive år 1961 til i dag
Yrke
Musikar, låtskrivar, produsent
Plateselskap
Warner, Atlantic
Nettstad
http://www.foreigneronline.com/
Kjende instrument

Gibson Les Paul

Michael Leslie «Mick» Jones (fødd 27. desember 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend som medlem av bandet Foreigner. Før Foreigner spelte han i bandet Spooky Tooth.




Innhaldsliste






  • 1 Liv og karriere


  • 2 Som produsent


  • 3 Solodiskografi


  • 4 Kjelder





Liv og karriere |


Jones vart fødd i Somerton i Somerset. Han byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra som medlem av bandet Nero and the Gladiators, som fekk to mindre hittar i Storbritannia i 1961. Joes arbeidde som låtskrivar og studiomusikar i Frankrike for artistar som Sylvie Vartan og Johnny Hallyday («Den franske Elvis»), som han skreiv mange songar for, mellom andre «Je suis né dans la rue» og «À tout casser» (med Jimmy Page på gitar). Då The Beatles turnerte Frankrike i 1964, vart dei ven med Jones då Hallyday spelte same kveld som dei.


Då Jones vendte heim att, slo han seg saman med Gary Wright, tidlegare i bandet Spooky Tooth, og danna Wonderwheel i 1971. I 1972 starta Jones og Wright opp att Spooky Tooth, og etter dette vart Jones medlem i Leslie West Band. Han spelte òg gitar på albuma Wind of Change (1972) for Peter Frampton og Dark Horse (1974) for George Harrison.


I 1976 danna han bandet Foreigner med Ian McDonald og henta inn vokalisten Lou Gramm. Jones samproduserte alle albuma til gruppa og var med på å skrive dei fleste songane i lag med Gramm. Jones skreiv den mest suksessrike singelen til bandet, «I Want to Know What Love Is».[1][2] Spaningar utvikla seg i bandet i løpet av 1980-åra på grunn av forskjellig musikalsk smak mellom Gramm, som ønskte ein hardare stil, medan Jones var meir interessert i synthesiserar. Gramm slutta i bandet i 1990, men kom attende i 1992. I 1989 gav Jones ut det einaste soloalbumet sitt, Mick Jones på Atlantic Records. Jones er den einaste musikaren som har spelt på alle Foreigner-albuma.


Innimellom arbeidet med Foreigner, har Jones òg vore produsent for album som Van Halen sitt 5150 (1986) og Billy Joel sitt Storm Front (1989).


Han skreiv i lag med Eric Clapton songen «Bad Love» på Clapton' sitt Journeyman,[3] og i 2002 skreiv han songen «On Her Mind» med Duncan Sheik.[4] Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra spelte han med Bill Wyman's Rhythm Kings.



Som produsent |


I tillegg til Foreigner-albuma produserte Jones albuma:




  • 5150 - Van Halen (1986)


  • Fame and Fortune - Bad Company (1986)


  • Dead, White and Blue - Flesh & Blood (1989)


  • Save The Last Dance For Me - Ben E. King (1989)


  • Storm Front - Billy Joel (1989)


  • In Deep - Tina Arena (1997)


  • Beyond Good and Evil - The Cult (2001)



Solodiskografi |



  • Mick Jones (1989)


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Mick Jones (Foreigner)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. I Want to Know What Love Is Allmusic Henta 2. september 2014


  2. I Want to Know What Love Is - Foreigner Billboard Henta 2. september 2014


  3. «Bad Love» at eric-clapton.co.uk


  4. Rolling Stone, «Duncan Sheik Sees the Light» (15 July 2002)









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?