Al-Qaryatayn




Koordinatar: 34°14′N 37°14′E









































Al-Qaryatayn

القريتين, Karyatayn
by
Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Homs

Distrikt

Homs

Nahiyah

Al-Qaryatayn

Koordinatar

34°14′N 37°14′E

Folketal
14 208 (2004)


Tidssone

EET (UTC+3)




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Al-Qaryatayn


Al-Qaryatayn (arabisk القريتين, òg skrive Karyatayn, Qaratin eller Cariatein) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement søraust for Homs. Han ligg i ein oase i Den syriske ørkenen. Av stader i nærleiken finn ein Tadmur (Palmyra) i nordaust, Furqlus i nord, al-Riqama og Dardaghan i nordvest, Mahin, Huwwarin og Sadad i vest, Qarah, Deir Atiyah og al-Nabk i sørvest og Jayrud i sør. Al-Qaryatayn tyder «dei to landsbyane».


I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Qaryatayn eit folketal på 14 208 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Qaryatayn nahiyah («underdistrikt») som består av tre stader med eit samla folketal på 16 795 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunni-muslimar og syrisk kristne.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Antikken


    • 1.2 Islamsk tid


    • 1.3 Osmansk styre


    • 1.4 Den syriske borgarkrigen




  • 2 Kjelder





Historie |



Antikken |


Det står fleire bygg frå gresk-romersk tid i al-Qaryatayn, mellom anna eit stort bad kalla Hamaam Balkis («Badet til Sheba»). Under Romarriket tente han som ein populær kurstad.[3] Det finst òg fleire korintiske søyler og marmorornament frå denne tida, då den nærliggande byen Palmyra var ein storby i regionen.[4] Før det islamske styret på 600-talet fvt., hadde ghassanidane eit militært anlegg i byen.[5]



Islamsk tid |


Under den muslimske erobringa av Syria, stod innbyggjarane i al-Qaryatayn imot armeen til Khalid ibn al-Walid sommaren 634. Førstnemnte vart slått og styrkane til Khalid erobra byen og tok eit stort bytte frå byen før han heldt fram med å erobre andre byar i området.[6] Under Abd al-Malik sitt styre over Umayyade-kalifatet (646–705), nytta sonen hans al-Walid I al-Qaryatayn i lag med dei nærliggande byane som base for operasjonane sine.[7]Al-Walid II, som vart kjend for å vere ein korrupt kalif, heldt selskap ved Umayyade-palasset i al-Qaryatayn under den korte regjeringstida si mellom 743 og 744.[8]


Seint i 1104 døydde seldsjukk-prinsen (emir) Suqman ibn Artuq i byen på veg til Damaskus etter å ha blitt kalla dit av herskaren i byen, Zahir ad-Din Tughtekin.[9] Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Qaryatayn tidleg på 1200-talet og skildra han som «ein stor landsby som høyrer til Hims, og ein ørkenveg. Han ligg mellom Hims, Sukhnah, og Arak ... Han ligg to marsjar frå Tadmur [Palmyra].» Han noterte òg at alle innbyggjarane var kristne.[10] Ein 10 000 mann stor brigade av mongolar raida byen og området kring i 1260. Seinare det året, tvang ein styrke mamelukkar leia av emir Salar ein tilbaketrekkande mongolsk styrke attende til al-Qaryatayn.[11]



Osmansk styre |


På 1800-talet gjekk det nedover med økonomien til al-Qaryatayn, som var avhengig av kameltransporttenester, då nye transportmidlar kom til, særleg dampskip og tog. Dette førte til at langt færre pilegrimar på veg til Mekka drog forbi al-Qaryatayn.[12] Midt på 1800-talet, under regjeringstida til den egyptiske guvernøren i Syria, Ibrahim Pasha, var al-Qaryatayn ein liten landsby med bustadhus bygd av gjørmesteinar.[4] I 1850-pra vart al-Qaryatayn skildra som ein «stor landsby» der to tredjedelar av innbyggjarane var muslimar og resten kristne.[13] Dei fleste kristne høyrte til jakobittiske (ortodoks) følgjarar som konverterte til katolisismen som ein del av ein veksande trend blant syriske kristne på den tida.[14]


Under eit besøk i 1913 skildra den amerikanske turisten Lewis Gatson Leary al-Qaryatayn som ein «eldgamal» men no «ein skiten landsby».[3] Tidleg på 1900-talet noterte den britiske forfattaren Gertrude Bell at den sterkaste «røvaren» i Syria på den tida, Fayyad Agha, hadde base i al-Qaryatayn.[15]



Den syriske borgarkrigen |


I det meste av den syriske borgarkrigen, som byrja i mars 2011, var al-Qaryatayn relativt nøytral. Dei eldre i byen gjorde avtale med både regjeringsstyrkane og opprørarane om å halde seg borte frå kampane. Plasseringa er likevel strategisk fordi han ligg mellom nordlege og sørlege delar av landet. Al-Qaryatayn har tent som kanal for begge sider. Opprørarar har smuglar våpen frå nord til opprørarar i Damaskus, medan styresmaktene har nytta byen til å forsterke og sende nye forsyningar i nord og vest.[16] Han har òg blitt nytta som ein korridor for avhopparar frå den syriske hæren.[17]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Al-Qaryatayn» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Bell, Gertrude Lowthian (1907), Syria: The Desert & The Sown, Heinemann .


  • Blankminship, Khalid Yahya (1993), Tabari: The Challenge to the Empires, SUNY Press, ISBN 0-7914-0852-3 .


  • Bosworth, Clifford Edmund (1980), The Encyclopaedia of Islam, new edition: Supplement, BRILL Archive, ISBN 90-04-06167-3 .


  • Chatty, Dawn (2006), Nomadic Societies in the Middle East and North Africa: Entering the 21st Century, BRILL, ISBN 90-04-14792-6 .


  • Hitti, Phillip K. (2004), Syrian history, Including Lebanon and Palestine, Gorgias Press LLC, ISBN 1-59333-119-3 .


  • Joseph, John (1983), Muslim-Christian Relations and Inter-Christian Rivalries in the Middle East: The Case of the Jacobites in an Age of Transition, SUNY Press, ISBN 0-87395-600-1 .


  • Leary, Lewis Gatson (1913), Syria: The Land of Lebanon, McBride, Nast & Company .


  • Necipoglu, Gulru (1996), Muqarnas-An Annual on the Visual Culture of the Islamic World, BRILL, ISBN 90-04-10633-2 .


  • Porter, Josias Leslie (1858). A Handbook for Travellers i Syria and Palestine 1. Murray. .


  • Richards, Donald Sidney (2006), The chronicle of Ibn al-Athīr for the crusading period from al-Kāmil fī'l-ta'rīkh: The years 491-541/1097-1146 : the coming of the Franks and the Muslim response, Ashgate Publishing Ltd., ISBN 0-7546-4077-9 


  • Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster. 


  • le Strange, Guy (1890), Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund 





  1. ↑ Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Qaryatayn Underdistrikt, Central Homs-distriktet, Homs guvernement. (arabisk)


  2. ↑ Smith, 1841, s. 174.


  3. ↑ 3,03,1 Leary, 1913, s. 129.


  4. ↑ 4,04,1 Addison, s. 236.


  5. ↑ Bosworth, 1980, s. 117.


  6. ↑ Blankinship, 1993, s. 110


  7. ↑ Necipoglu, 1996, s. 32.


  8. ↑ Hitti, s. 480.


  9. ↑ Richards, 2006, s. 90.


  10. ↑ le Strange, 1890, s. 481.


  11. ↑ Abu al-Fida memoirs, Holt 1983, s. 41–42.


  12. ↑ Chatty, 2006, s. 63.


  13. ↑ Porter, 1858, s. 541–542.


  14. ↑ Joseph, 1983, s. 51.


  15. ↑ Bell, 1907, s. 152.


  16. ↑ Neutral syrisk town drawn into battle. Al Jazeera English. 2013-04-24.


  17. ↑ syrisk defectors converge on central town. Al Jazeera English. 2013-04-26.











Popular posts from this blog

Robin Clark

Tarzan

Riksmekleren