Tsjita
Tsjita Чита | |||
---|---|---|---|
Fil:Tschita0132.JPGTschita0132.JPG | |||
| |||
Plassering | |||
![]() ![]() | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Føderasjonssubjekt | Zabajkalskij kraj | ||
Grunnlagd Bystatus | 1653 1851 | ||
Borgarmeister | Anatolij Mikhaljov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 538 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik | 306 441 569,6 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 650 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid | YAKT (UTC+9) YAKST (UTC+10) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 672000–672051 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7) 3022 | ||
Nettstad: www.admin.chita.ru |
Tsjita (russisk Чита) er ein by i Russland, i Sibir, og hovudstad i Zabajkalskij kraj. Han har like over 300 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Tsjita renn saman med elva Ingoda.

Jernbanestasjon i Tsjita i 1910
Den transsibirske jernbanen går gjennom Tsjita. Byen er eit viktig industrisenter. Her finst eit universitet.
Historie |
Ein landsby vart grunnlagd her i 1653. I 1706 vart det bygd ei festning her. Etter det mislykka dekabrist-opprøret i 1825 vart mange av dekabristane sende i fangenskap hit. Tsjita fekk bystatus i 1851. Etter den russiske revolusjonen var byen i hendene på kontrarevolusjonære kvitegardistar mellom 1918 og 1920. Sovjetisk kontroll vart etablert i 1920 og Tsjita vart hovudstad for den Fjernaustlege republikken fram til 1922. Frå 1937 var Tsjita senter for Tsjita oblast, frå 2008 for Zabajkalskij kraj. Frå 1930-talet til slutten av sovjet-tida var Tsjita ein lukka by for utlendingar.
Bakgrunnsstoff |
Tsjita by sin nettportal på russisk.
Byar i Zabajkalskij kraj | |
---|---|
Administrativt senter: Tsjita | |
Balej · Borzja · Khilok · Krasnokamensk · Mogotsja · Nertsjinsk · Petrovsk-Zabajkalskij · Sjilka · Sretensk |
|