Hydrogenbinding

Multi tool use

Hydrogenbindingar i vatn.
Blå prikkar er hydrogen (H), raude er oksygen (O). Raude strekar er kovalente bindingar mellom H og O i same molekyl, svarte er hydrogenbindingar mellom H og O i nabomolekyl.
|
Kjemiske bindingar
- Hydrogenbinding
- Ionebinding
- Kovalent binding
- Metallbinding
|
Hydrogenbinding er ei kjemisk binding som eit svakt elektropositivt hydrogenatom i eit molekyl dannar med elektronegative atom som oksygen, nitrogen og fluor i eit anna molekyl. Eit hydrogenatom er svakt elektropositivt når det er kovalent bunde til eit elektronegativt atom. Hydrogenbindinga skjer ved at svakt elektropositive og elektronegative delar av ulike molekyl vert trekte mot kvarandre. Slike bindingar kan òg verka mellom ulike delar av store molekyl. Det er hydrogenbindingar som held basepara i DNA saman.
Hydrogenbindingar førekjem særleg i vatn (H2O). Bindingane er relativt svake, men sidan det er så mange av dei i vatn gjev dei vatnet spesielle fysiske eigenskapar som eit svært høgt kokepunkt, sidan det trengst mykje energi for å bryta desse bindingane mellom molekyla. Den tilsvarande kjemiske sambindinga til grunnstoffet svovel, som ligg under oksygen i periodesystemet – hydrogensulfid (H2S) – har ikkje hydrogenbindingar og er ein gass ved romtemperatur sjølv om han har dobbelt så høg molekylvekt som vatn. Hydrogenbindingar gjev òg vatn høg varmekapasitet, det vil seia at det trengst mykje energi for å varme opp vatn.
Hydrogenbindingar gjev samtidig vatnet spesielle eigenskapar når det frys. Som dei fleste andre material blir tettleiken til vatnet større ved lågare temperatur. Men når vatn blir kjølt ned til nær frysepunktet, fører hydrogenbindingane til at det blir danna ein struktur som faktisk har lågare tettleik fordi vassmolekyla flyttar på seg for å minske energien sin. Dermed vil vatn utvida seg når det frys og is vil flyta i vatn, medan dei fleste andre material krympar og søkk når dei går over til fast form.
nEga cTOTMEx125YG7D kNWD uZ ZQaXcR NnFSEwKHTP0 MMv7c8,WB6 RqA96M1zy26QcBqCk,fBqLEmPfIU
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...