Omsetjing i biologi






Omsetjinga av eit bodberar-RNA-molekyl på eit ribosom hjå ein eukaryot. RNA-et fer frå høgre til venstre medan proteinet veks inn i biletet, etter kvart inn i endoplasmatisk retikulum. Transport-RNA-molekyl er blåe og fører med seg aminosyrer til ribosomet.


Omsetjing eller translasjon er prosessen i ei selle der det vert danna eit peptid (gjerne eit protein) frå eit bodberar-RNA av eit ribosom. Bodberar-RNA-et vert danna ved avskriving av eit DNA-molekyl.


Hjå prokaryotar hender omsetjinga samstundes med avskrivinga, der den ferdig avskrivne enden av bodberar-RNA-et vert sett om medan resten av RNA-molekylet framleis vert laga av RNA-polymerasen. Hjå eukaryotar hender omsetjinga i eit seinare steg i cytoplasmaet etter at bodberar-RNA-et er vorte ført ut av sellekjernen.


Transport-RNA fører aminosyrer til ribosomet og den veksande peptidkjeda. Kvart transport-RNA har eit motkodon som svarar til ei viss aminosyre, og baseparing syrgjer for at den neste aminosyra i peptidkjeda svarar til det neste kodonet i bodberar-RNA-et.


Omsetjing har tre streg: byrjing, lenging og avslutting. Ulike protein hjelper til ved dei ulike stega.



Kjelder |


  • Clancy, S. & Brown, W. (2008) «Translation: DNA to mRNA to Protein.» Nature Education 1(1):101

    Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva