New Zealand Great Walks






Kart over New Zealand Great Walks.




Ei av dei mange strendene langs Abel Tasman Coast Track.




Ein alpin del av Kepler Track


New Zealand Great Walks er utvalde populære fotturruter på New Zealand. Dei er dei best tilrettelagde rutene på øyene, og går gjennom område med somme av dei vakraste naturtilhøva i landet. Turstiane held ein høg standard, og gjer det lett for turgåarar å nå somme av dei mest naturskjøne villmarksområda på New Zealand.


Hytter for overnatting langs rutene er høveleg plasserte, velutstyrte, og har god kapasitet. Både hyttene og stiane i Great Walks har ein høgare standard enn andre fotturruter i landet. New Zealand Great Walks er svært populære mellom utanlandske tilreisande, delvis fordi dei er tungt marknadsførte av Department of Conservation og turistoperatørar. Fleire av Great Walks har bookingordningar for å styra presset frå tilreisande. Guida turar er tilgjengelege gjennom private operatørar langs fleire av rutene.


Det er inga betaling, og heller ikkje trengst det løyve, for å ferdast på New Zealand Great Walks. Kostnadar og restriksjonar gjeld for overnatting, enten i hytter eller telt.




Innhaldsliste






  • 1 Oversikt over rutene


  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Oversikt over rutene |


Nordøya



  • Lake Waikaremoana Great Walk

  • Tongariro Northern Circuit

  • Whanganui Journey


Whanganui Journey i Whanganui National Park er ikkje ein fottur i det heile tatt, men ein kajakktur på den lengst farbare elva på New Zealand. Den er likevel administrert under Great Walks-systemet.


Sørøya



  • Abel Tasman Coast Track

  • Heaphy Track

  • Routeburn Track

  • Milford Track

  • Kepler Track


Stewart Island/Rakiura


  • Rakiura Track


Sjå òg |



  • Fotturisme på New Zealand

  • Fotturruter på New Zealand


  • New Zealand Cycle Trail - opphavleg tenkt som ei separat rute, men vert no ein del av «Great Rides»-systemet.




Emerald Lakes og Blue Lake på Tongariro Northern Circuit.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «New Zealand Great Walks» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2014.



Bakgrunnsstoff |




  • Offisiell side frå Department of Conservation

  • New Zealand Tramper - privat vevside




















Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?