Sandnes Ulf
Kallenamn | Ulf | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 11. mai 1911 | ||
Heimebane | Sandnes stadion (kapasitet: Ca. 3800 derav 2200 sitjeplassar) | ||
Hovudtrenar | Asle Andersen | ||
Liga | Tippeligaen | ||
| |||
Noverande sesong |
Sandnes Ulf er ein fotballklubb frå Sandnes, Rogaland, stifta 3. mai 1911 som fotballklubben «Ulf». Denne sesongen spelar Sandnes Ulf i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Asle Andersen.
I 2004 fusjonerte klubben med dåverande Sandnes FK og fekk då sitt nåverande namn. Etter samanslåinga er Sandnes Ulf den største fotballklubben i kommunen. Sandnes Ulf spelar sine heimekampar på Sandnes Idrettspark.
Sandnes Ulf spelte i 2006 i 2. divisjon avdeling 3. Klubben enda på 2. plass etter å ha kjempa om den eine opprykksplassen i store delar av sesongen. Men ei ustabil avslutning på sesongen gjorde at dei enda heile 11 poeng bak opprykkslaget Mandalskameratene. 2. plassen gav likevel Sandnes Ulf ein sponsa fotballtur til La Manga i sesongoppkjøringa til 2007-sesongen.
Også 2005-sesongen var ein klar framgang for Sandnes Ulf. Då hausten fekk sitt inntog på fotball-Noreg i 2005, melde Sandnes Ulf seg på i opprykkskampen i 2. divisjon avdeling 3. Men det tok likevel ikkje lang tid før klubben blei hekta av. Til slutt enda dei opp på 4. plass.
Innhaldsliste
1 Noverande tropp
2 Profilar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Noverande tropp |
- Oppdatert 8. mai 2013 [1]
Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.
|
|
Profilar |
Laget sin største spelarprofil er Asle Andersen som signerte for klubben Mars 2006. Asle Andersen med erfaring frå Tippeligaen og 1. Divisjon, har blitt ein sterk tilvekst for laget. Andersen fungerte i 2006 som spelande assistenttrenar saman med hovudtrenar Johan Selvig.
Liste over viktige spelarar:
- Asle Andersen
- Eivind Ellingsen
- Tom Erik Maldal
Kjelder |
↑ «Spillertropp 2012» (på norsk). sandnesulf.no. Henta 13 March 2012.
Bakgrunnsstoff |
- Sandnes Ulf sin nettstad
Mal:Tippeligaen 2019
|