Alexander Søderlund
Alexander Søderlund | ||
Fullt namn | Alexander Toft Søderlund | |
Fødd | 3. august 1987 (31 år) Haugesund i Noreg | |
Høgd | 187 cm | |
Kallenamn | Søder | |
Posisjon | Spiss | |
Klubbinformasjon | ||
---|---|---|
Spelar for | Haugesund | |
Draktnummer | 9 | |
Ungdomsklubb | ||
Haugesund | ||
Klubbar* | ||
År | Klubb | Kampar (mål) |
2006–08 2008 2008–10 2008 2009 2010 2010 2011– | Vard Skjold Treviso Namur (lån) FH (lån) Lecco Vard Haugesund | 11 (4) - 0 (0) 3 (0) 18 (3) 7 (0) 12 (4) 21 (9)[1] |
Landslag** | ||
2006 | Noreg U21 | 1 (0) |
Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
Alexander Toft Søderlund (fødd 3. august 1987 i Haugesund) er ein norsk fotballspelar som i 2011-sesongen spelar i angrep for Haugesund i Tippeligaen. Han vart seriemeister på Island med Fimleikafélag Hafnarfjarðar i 2009.
Søderlund begynte karrieren sin i FK Haugesund og vart tidleg rekna som eit stort talent, men han var ofte skada og kom ikkje med på Haugesund sitt A-lag. I 2006 gjekk han difor til FKH sin veslebror, Vard Haugesund, der han fekk seriedebuten sin. Før overgangen til Vard fekk han òg ein kamp for Noreg sitt U21-landslag. Mens han var i Vard, var Søderlund på prøvespel Lecce og Pisa i italiensk Serie B, men utan at det vart nokon overgang.[2] Han var òg på prøvespel hjå den franske tredjedivisjonsklubben Entente, som tilbaud han kontrakt, men dette vart ikkje noko av då Vard ikkje ville la han gå gratis.[3] Men Søderlund var svært lysten på å spela i utlandet og skreiv under kontrakt med den italienske fotballagenten Corvino Polomba.[4] Sommaren 2008 fekk han kontrakt for Serie B-klubben Treviso.[5]
Treviso vart heller ingen stor suksess for rogalendingen. I sesongoppkøyringa fekk han spela mykje og skåra òg mål,[6] men hamna så på juniorlaget til Treviso. I august 2008 vart han lånt ut til det belgiske andredivisjonslaget UR Namur. Hjå botnlaget Namur spelte han tre kampar utan å skåra, før han vart henta attenda til Italia etter tre månader.
Mot slutten av 2008/09-sesongen gjekk Treviso mot nedrykk og konkurs, og prøvde iherdig å få avsetning for spelarane sine. Søderlund hamna denne gong på Island, hjå dei islandske meisterane Fimleikafélag Hafnarfjarðar på utlån for den islandske 2009-sesongen.[7][8] Her fekk han fast plass på laget, fekk oppleva Meisterligaspel og var med på å vinna the double på Island.
Etter utlånsperioden til Island løyste Treviso Søderlund frå kontrakten. Han var så på prøvespel hjå den italienske tredjedivisjonsklubben Calcio Lecco i januar 2010,[9][10]og fekk kontrakt for fire månader med klubben. Han fekk spela dei fleste kampane, men mest som innbytar. Lecco rykte ned frå Serie C etter sesongen.[11]
Hausten 2010 var Søderlund tilbake i Vard Haugesund. Etter 2010-sesongen prøvespelte han for FK Haugesund og imponerte nok til å få ein toårskontrakt med Tippeligaklubben frå januar 2011. [12]Vard fekk ein overgangssum for spelaren.[13] Han spelte frå start i Haugesund sin opningskamp i 2011-sesongen og skåra dei to første tippeligamåla sine heime mot Stabæk 8. mai 2011.
- Denne artikkelen begynte med omsett stoff frå tysk Wikipedia 2. mai 2011.
Fotnotar |
↑ Norsk og internasjonal fotballstatistikk
↑ "Prøver seg i Serie B" frå Haugesunds avis, 7. november 2007
↑ "Søderlund ønsket av fransk klubb" frå Haugesunds avis 7. august 2007
↑ "Søderlund signerte kontrakt i Italia" frå Haugesunds Avis 1. desember 2006
↑ "Til Treviso i morgen" frå Haugesunds avis 16. juli 2008
↑ "Scoret i debuten" frå Haugesunds Avis 24. juli 2008
↑ "Klar for Mesterligaen" frå Haugesunds avis 3. april 2009
↑ Norskur framherji til FH-inga (på islandsk) frå Morgunblaðið 11. mars 2009
↑ "Lecco, in prova Söderlund" (på italiensk) frå TuttoMercatoWeb 18. januar 2010
↑ "Norvegese in prova al Lecco E' l'attaccante Söderlund" (på italiensk) frå La provincia di Lecco 19. januar 2010
↑ "Tilbake i Vard" frå Haugesunds avis 26. mai 2010
↑ "Alexander Søderlund skrev under 2-års kontrakt med FKH" frå nettsidene til FK Haugesund
↑ "Trente seg til kontrakt" frå Fædrelandsvennen 13. desember 2010
Bakgrunnsstoff |
FK Haugesund – Spelarstallen 2013 |
---|
Målmenn |
---|
1 Per Morten Kristiansen |
12 Olav Baggerud Dalen |
Forsvarsspelarar |
---|
2 Joakim Våge Nilsen |
3 David Myrestam |
4 Henrik Kildentoft |
10 Umaru Bangura |
14 Andrés Már Jóhannesson |
15 Martin Bjørnbak |
18 Vegard Skjerve |
19 Kristoffer Haraldseid |
Midtbanespelarar |
---|
5 Trygve Nygaard |
6 Håvard Storbæk |
8 Michael Haukås |
11 Tor Arne Andreassen |
13 Eirik Mæland |
16 Ugonna Anyora |
17 Geir Ludvig Fevang |
20 Maic Sema |
Angrepsspelarar |
---|
- Christian Gytkjær |
9 Alexander Søderlund |
21 Pontus Engblom |
25 Henrik Kjelsrud Johansen |
Trenar |
---|
Jostein Grindhaug |