333. skvadron






P-3C Orion i norsk teneste




Lockheed P-3 Orion frå 333 skvadron


333. skvadron er luftforsvaret sin operatør av P-3C Orion overvakingsfly. Skvadronen er underlagd 133. Luftving, og stasjonert på Andøya flystasjon i Andøy kommune i Nordland fylke.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 I Storbritannia


    • 1.2 I Noreg




  • 2 Referansar


  • 3 Litteratur


  • 4 Eksterne lenkjer





Historie |


8. februar 1942 vart spiren til 333. skvadron, «Catalina-avdelinga», oppretta i Woodhaven i Skottland. Avdelinga var då underlagd 210 Squadron RAF, og det første av fire Catalina-fly kom ikkje lenge etter skipinga. Offisielt gjekk avdelinga under namnet Norwegian Detachment Woodhaven. I byrjinga av 1943 fekk avdelinga ny nemning, 1477 (Norwegian) Flight, samstundes som den vart tilført seks Mosquito-fly. Dermed var avdelinga så stor at det vart naturleg å oppretta ein skvadron. 333. (Norwegian) Squadron vart oppretta 10. mai 1943 med Catalina-flyene i ein A-flight og Mosquitoene i B-flight. Skvadronen var underlagd RAF Coastal Command.



I Storbritannia |




Vingtor, det første flyet som vart levert «Catalina-avdelinga», forløperen til 333 skvadron


Catalina-flyene vart igjen i Woodhaven, medan Mosquito-flighten og hovudkvarteret til skvadronen flytta snart til Leuchars utanfor St. Andrews. Operasjonsområdet var Nordsjøen, Norskehavet og langs norskekysten. Oppdraget var patruljering etter ubåtar, rekognosering mot Noreg, angreip mot tyske skip og spesialoppdrag som ilandsetting av agentar med radiosendarar til løynleg oppdrag i Noreg og å henta utsette hjemmefrontmenn med ein dødsdom hengjande over seg i Noreg til tryggleik i Storbritannia.
Skvadronen vart kreditert to senka og sju skadde ubåtar, 18 øydelagte og fem skadde fiendtlige fly samt medverknad til senking av ei rekkje overflatefartøy. Den hadde 28 norske og éin britisk falne og mista 23 fly.


I mai 1945 vart 333. sine B-flight (Mosquito flight) skild ut som eigen skvadron under namnet 334. (N) Squadron.



I Noreg |


Etter krigen og fram til 1961 disponerte skvadronen 21 Catalina. Disse var aldri formelt sett vorte norsk eigedom, då Luftforsvaret fekk dem tildelt under NATOs våpenhjelpeprogram. I juni 1961 vart dei gjenverande Catalina returnert til USAF i Wiesbaden. Dei er deretter vorte sendt til Spania


I 1961 fekk skvadronen tildelt ni nye fly. Flytypen som vart vald som erstatning for «katta» frå andre verdskrig var Albatross
som skvadronen hadde i teneste fram til 1969, då dei vart avløyst av dei noverande Lockheed P-3 Orion. I 1989 fekk dei fire nye P-3C UIII Orion samstundes med at to av dei gamle P-3B vart bygd om ved NAS Jacksonville, FL slik at skvadronen hadde seks fly. Ti år seinare, i 1999 var dei fire P-3C flyene på nytt oppdatert og fekk nemninga P-3C UIP (update improvement program). Alle flya har fått nye vingar, ny avionikk og oppgraderte operasjonssystem for å kunna vera operative til arvtakeren Boeing P-8 Poseidon innfases i 2022.[1][2]



Referansar |




  1. «Operative siden 70-tallet: Slik skal de holde ut i 20 år til». Tu.no (norsk). Henta 3. april 2017. 


  2. Forsvaret. «Kjøper fem nye P-8A Poseidon» (bokmål). Henta 3. april 2017. 



Litteratur |



  • Georg Werner-Hansen: På vingane for Noreg - historia om 333 (Norwegian) Squadron's kamp. Gyldendal 1947.

  • Håvard Klevberg: «Request Tango» - 333 skvadron på ubåtjakt - maritime luftoperasjonar i norsk tryggleikspolitikk. Universitetsforlaget 2012. ISBN 978-82-15-01863-8



Eksterne lenkjer |


den tidlege historia til 333 skvadron







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva