Det russiske forsvaret





Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.



Banneret til Det russiske forsvaret




Våpenskjoldet til Russlands forsvar (medium emblem)


Dei russiske væpna styrkane, eller Det russiske forsvaret, eller Dei væpna styrkane til den russiske føderasjonen (russisk Вооружённые Си́лы Росси́йской Федера́ции) er militærvesenet i Russland, sist etablert etter oppløysinga av Sovjetunionen. Den 7. mai 1992 etablerte Boris Jeltsin det russiske forsvarsdepartementet og plasserte alle styrkar i dei tidlegare sovjetiske væpna styrkane i Russiske SFSR under russisk kontroll.[1]


Regjeringa er ansvarleg for at styrkane er i den beredskap som vert krevd. Parlamentet (Statsdumaen) øver lovgivande makt gjennom regjeringa. Administrasjon av militærvesenet vert styrt av forsvarsdepartementet, medan generalstaben har operative oppgåver.


Øvstkommanderande er den russiske presidenten, (i 2018) Vladimir Putin.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Utvikling i talet på divisjonar og personell i russiske landstridskrefter sidan 1992


  • 3 Organisasjon


    • 3.1 Forsvarsgreiner




  • 4 Talet på personell


  • 5 Sjå òg


  • 6 Referansar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |




Militærparade i Moskva på seiersdagen 9. mai 2010, det vil seia frigjøringsdagen 65 år etter Den store fedrelandkrigen (andre verdskrig aust i Europa).


7. mai 1992 signerte Boris Jeltsin dokumentet som etablerte Russlands væpna styrkar, ein prosess som starta når russiske soldatar utstasjonert i dei tidlegare sovjetrepublikkane og andre land (slik som Gruppa av sovjetiske stridkrefter i Aust-Tyskland, der dei fleste var) vart trekt tilbake til russisk territorium.


Omtrent 30 divisjonar med infanteri, stridsvogner og luftbårne styrkar, over 50 brigadar med artilleri og luftvern og over 60 regiment med luftstridkreftar vart returnert tilbake til Russland i dei påfølgjande to åra. Over 45 000 einingar med tyngre våpen og nesten fire millionar tonn strategiske reserver vart òg trekt attende. Dette vart den største militære omdisponeringen i historia.


Heilt sidan Sovjetunionen hadde brote saman hadde russiske leiarar diskutert korleis dei skulle få til eit einskapleg og truverdig forsvar ut av restane av dei tidlegare sovjetiske styrkane. Den nye russiske doktrinen kravde eit mindre, lettare og meir mobilt forsvar, med høgare grad av verva og større evner til å raskt mobilisera.


Den svake russiske økonomien på 1990-talet gjorde reformer og modernisering vanskeleg. Forsvarsbudsjettet var lågt, noko som førte til kutt i trening, reduksjonar i løn og bustadsmangel for militært personell. Dette gjekk hardt utover moralen og effektiviteten i forsvaret, men auka budsjett dei siste åra har gjort lite for å betra situasjonen.


Då Putin tok over presidentskapet i 2000 var tilstanden til det russiske forsvaret omtrent det same som når Sovjetunionen kollapsa. Mykje av utstyret var minst eit tiår gammalt, og berre delar av dette kunne framleis kallast effektivt. Korrupsjon var òg eit problem, og den første Tsjetsjeniakrigen tappa reservar og utstyr frå forsvaret. Putin sjølv karakteriserte militærvesenet på den tida som «eit tungrodd og ekstragavant militærapparat». Militær- og politivesenet på den tida brukte over ein tredjedel av budsjettet til nasjonen. I Putins første term vart forsvaret omorganisert, og redusert i storleik med opp til 30%.
Planen for reduksjon av talet på militære einingar under reforma som byrja i 2008 var slik:[2]







































Forsvarsgreiner
2008
2012
Reduksjon
Hæren 1,890 172 -90 %
Dei russiske luft- og romfartsstyrkar 347 186 -54 %
Marinen 240 123 -49 %
Dei strategiske rakettstyrkane 12 8 -33 %
Luftlandestyrkane 6 5 -17 %


Utvikling i talet på divisjonar og personell i russiske landstridskrefter sidan 1992 |
































































































Kronologisk utvikling i antal divisjonsekvivalentar og personar innen hæren[~ 1]
Årstal
Divisjonsekvivalentar
Talet på soldatar
1992
103[3][~ 2]
1 400 000 [~ 3]
1993
87[4][~ 4]
1 000 000[5][~ 5]
1994
74[6]
780 000[7]
1995
68[8] — 71[9]
650 000 [9] — 670 000 [7]
1996
61 — 69[10]
460 000[7][11]
1997
48 [12]
420 000 [7]
1998
33[13]
420 000 [7]
1999
33 [14]
348 000 [7]
2000
31[8]
348 000 [7][11]
2001

300 000[11]
2005
32 [15]
395 000 [15]
2007
21 [16]
395 000 [16]
2008
24[17]

2009
21 [18]
395 000 [18]
2012
2 [19]
305 000 [19]
2016
3[20]
240 000[20]
2017
8[21][~ 6]
270 000[22]


Organisasjon |


Forsvarsdepartementet er administrativ leiing for dei militære styrkane. Sidan sovjettida har generalstaben fungert som operativ leiing, men for tida 2016 er generalstaben redusert til å vera avdelinga til departementet for militær planlegging, og ministeren sjølv har større operativt ansvar for styrkane. Andre avdelingar innan departementet inkluderer personalavdeling, avdeling for forsyning, avdeling for jarnbanestyrkar og avdeling for ingeniørstyrkar.




Styrkane er per 2016 inndelt i fire militærdistrikt pluss Det nye ansvarsområdet til nordflåten.
Vestre militærdistrikt — stab i St. Petersburg;
Nordflåten — stab i Severomorsk;
Søndre militærdistrikt — stab i Rostov-na-Don;
Sentrale militærdistrikt — stab i Jekaterinburg;
Austre militærdistrikt — stab i Khabarovsk.





Forsvarsgreiner |



  • Hæren

  • Marinen

  • Dei russiske luft- og romfartsstyrkar

  • Dei strategiske rakettstyrkane

  • Luftlandestyrkane



Talet på personell |















































Samansetjing i 2011
Talet på personell

Militær leiing

MO-shevron.jpg Forsvarsdepartementet
10 500[23]

GEN-shevron.jpg Generalstaben
11 300[24]

Forsvars- og våpengreiner

SV-shevron.jpg Hæren
270 000[25]

VMF-shevron.png Marinen
150 000[26]

VVS-shevron.jpg Luft- og romfartsstyrkar
430 000[27]

RVSN-shevron.jpg Dei strategiske rakettstyrkane
50 000[28]

Om13937.jpg Luftlandestyrkar
45 000[29]

Герб ССО.png Spesiell logistikk
1 000[28]













































Personellstruktur i 2011[30]
Offiserar
320 000
menige og sersjantar
Kontrakt
230 000
Vernepliktige
300 000
andre kategoriar
Kadettar
~ 40 000

Kursantar på øvingssentra
~ 30 000
Offiserar og kontraktnikar på skule
70 000
-til saman

Fast tilsette
920 000

Engasjerte
~ 70 000

Sum personell
1 000 000



Sjå òg |



  • Den keisarlege russiske hæren, hærstyrkane i Det russiske keisarriket 1721-1917


  • Den raude armeen, hærstyrkane i Sovjetunionen 1918-1945


  • Sovjethæren, hærstyrkane i Sovjetunionen 1946-1991



Referansar |




  1. Greg Austin og Alexej Muravjev


  2. https://web.archive.org/web/20120122183731/http://en.rian.ru/infographics/20091204/157098191.html


  3. The Military Balance, 1992—1993. P. 97.


  4. Home | MIT Security Studies Program (SSP)


  5. Military balance, 1993-1994. P. 99.


  6. Home | MIT Security Studies Program (SSP)


  7. 7,07,17,27,37,47,57,6 Russian Security and Air Power, 1992-2002. Marcel de Haas. P. 29.


  8. 8,08,1 Russian Army Equipment


  9. 9,09,1 Шунков В. Н. Вооруженные силы стран мира/Худ. обл. М. В. Драко. — Мн.: ООО «Попурри», 2002. С. 271.


  10. Russia Ground Forces — Flags, Maps, Economy, History, Climate, Natural Resources, Current Issues, International Agreements, Population, Social Statistics, Political System


  11. 11,011,111,2 Western Military Balance and Defense Efforts. A Comparative Summary of Military Expenditures; Manpower; Land, Air, Naval, and Nuclear Forces. Antony H. Cordesman. P.130.


  12. The Statesman's Year-Book, 1997-1998. I.Socialconditions-Serials, ISBN 978-0-333-57654-0. P. 1081.


  13. The Armed Forces of Russia in Asia . London: I.B. Tauris 2000. P. 262.


  14. The Military Balance, 1999-2000. P. 112-113.


  15. 15,015,1 The Military Balance, 2005-2006. P. 158.


  16. 16,016,1 The Military Balance, 2007. P. 195.


  17. http://www.odnako.org/almanac/material/novaya-armiya-novoy-rossii/


  18. 18,018,1 The Military Balance, 2009. P. 217-218.


  19. 19,019,1 The Military Balance, 2012. P. 193.


  20. 20,020,1 The Military Balance 2016, p.190


  21. Пресс-служба Южного военного округа (07.12.2016). «В ЮВО на территории Чечни завершается формирование 42-й мотострелковой дивизии» (på russisk). Mil.ru. Henta 2016-12-08. 


  22. Источник:Military Balance 2017|страницы=211


  23. Минобороны России планирует сократить 300 генералов и офицеров Генштаба


  24. name="Минобороны России планирует сократить 300 генералов и офицеров Генштаба"


  25. Bok:Military Balance 2017 side 221


  26. Bok:Military Balance 2017 side 213}}


  27. «Воздушно-космические силы Российской Федерации. Инфографика». Аргументы и факты (på russisk). 2017-08-01. Henta 2017-11-24. 


  28. 28,028,1 "vsrf1"


  29. «Источник: ВДВ полностью войдут в состав войск быстрого реагирования в ближайшие годы». ТАСС (på russisk). 4 июня 2015. Henta 2017-11-24. 


  30. Руководство Минобороны обманывает само себя и армию, вводя новые штаты в войсках



  • Denne artikkelen bygger på «Russlands forsvar» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2017.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det russiske forsvaret



  • Nettstaden til det russiske forsvarsdepartementet (russisk, engelsk)


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «~», men inkje samsvarande <references group="~"/>-merke vart funne







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva