Barrie «Barriemore» Barlow(fødd 10. september 1949) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist for rockebandet Jethro Tull, frå mai 1971 til juni 1980.
Han vart kalla Barriemore då han kom inn i bandet i tråd med det eksentriske imaget til Jethro Tull. Bassisten Jeffrey Hammond kalla seg til dømes «Jeffrey Hammond-Hammond» i bandet.
Innhaldsliste
1Jethro Tull
2Etter Jethro Tull
3Trommeteknikk
4Kjelder
5Bakgrunnsstoff
Jethro Tull |
Barlow var ein skulekamerat og tidlegare bandkollega av frontmannen Ian Anderson. Han kom inn i bandet då Clive Bunker slutta og spelte på følgjande album:
«Life's a Long Song» (EP)
Thick as a Brick
Living in the Past (samleplate med ovannemnde EP)
A Passion Play
War Child
Minstrel in the Gallery
Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!
Songs from the Wood
Heavy Horses
Bursting Out
Stormwatch
Barlow tok det tungt då bassisten John Glascock døydde. Dei to hadde vore nære vener og Barlow forlet Jethro Tull i 1980, etter at Stormwatch-turneen var over.[1]
Etter Jethro Tull |
Barlow spelte sidan som studiomusikar, inkludert for Robert Plant, John Miles og Jimmy Page, og han starta sitt eige band ein liten periode kalla Storm. Han spelte på Yngwie Malmsteen-albumet Rising Force og med Kerry Livgren på Seeds of Change.
Barlow har eit platestudio, The Doghouse, på eigedomen sin i Shiplake i Oxfordshire i England. Han er i dag manager for eit band frå Henley on Thames kalla The Repertoires, og han er knytt til fleire andre lokale band.[2]
Barlow spelte perkusjon på «Artrocker», opningssporet på det kritikarroste albumet Get Your Mood On av punkbandet Dustin's Bar Mitzvah i 2006.
Trommeteknikk |
Barlow er kjend som ein særs teknisk og kreativ trommeslagar. Spelinga hans på konsertalbumet Bursting Out er eit vitnesbyrd på kor kreativ han er som trommeslagar, mellom anna på trommsoloen i songen «Conundrum». John Bonham kalla ein gong Barlow «den største rocketrommisen England nokon gong har produsert».
I ein kommentar om trommestilen sin for Jethro Tull sa han: «Eg har alltid beundra folk som finn på - og på eit perkusjonsnivå beundrar eg folk som finn på rytmar. Eg prøvde å oppnå det i Tull, men i dag går eg langt i å rettleie trommisar i banda eg er manager for at dei ikkje spelar slik eg gjorde i Tull, fordi det var så travel og 'over-the-top'»[3]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Barriemore Barlow» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2012.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...