Gunvor Ulstein
Gunvor Ulstein | |
| Fødd | 11. juni 1969 Ulstein |
| Yrke | forretningsdrivande |
Gunvor Ulstein (fødd 11. juni 1969) er ein norsk industrileiar, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping.
Gunvor Ulstein er dotter av konsernet sin tidlegare konsernsjef, Idar Ulstein (1934-2012). Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har 1. avdeling jus frå Universitetet i Bergen.
Innhaldsliste
1 Karriere
2 Utmerkingar
3 Kjelder
3.1 Fotnotar
Karriere |
I 1993-1994 var ho trainee ved Columbia Shipmanagement på Kypros, arbeidde som marknadsanalytikar 1994-1997, og ved motorfabrikken Ulstein Bergen var ho deretter salssjef (1997-1999). Ho vart tilsett som administrerande direktør for Ulstein Verft i mars 1999, etter at Brynjulv Mugaas gjekk til Fred. Olsen. Broren Tore Ulstein var då teknisk direktør same stad, og dei var begge medeigarar. I 2003 vart ho konsernsjef. Gunvor Ulstein er også øvste leiar i dotterselskapet Ulstein Shipping. I tillegg er ho eineeigar og leiar av selskapet Mogul Invest som er medeigar i Ulsmo AS[1], som igjen er største eigar av Ulstein Group.
Gunvor Ulstein er styreleiar i Ulstein Verft AS, Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Verft Eiendom, Vanylven Eiendom, Ulstein International, Ulstein Marine Services, Ulstein Trading og Ulsmo AS.
Ho er styreleiar i Hafast (Hareid Fastlandssamband AS), som arbeider for eit ferjefritt samband mellom Hareid og Ålesund via Sula, medlem i NHH sitt Advisory Board, SOS Barnebyers Råd og Nor-Shipping Advisory Board.
Av tidlegare verv har ho mellom anna vore nestleiar[1] i styret for NRK, nestleiar i Rådet i Det Norske Veritas (DNV), medlem av nærings- og handelsministeren sitt Råd for Maritim Utvikling (MARUT), medlem av representantskapet for Norges Bank, styremedlem i Eksportfinans (2003–2007), medlem av hovudstyret i Teknologibedriftenes Landsforening (no Norsk Industri), og nestleiar i styret i NHO Møre og Romsdal.
Utmerkingar |
Gunvor Ulstein har motteke fleire utmerkingar. I 2006 vart ho utnemnt til Årets Forretningskvinne[2] av sjampanjehuset Veuve Clicquot, og i 2008 fekk ho WISTA-prisen[3] som Årets Shippingnamn. I 2011 fekk ho prisen Seatrade Young Person in Shipping[4]. I 2013 mottok ho Tekna sin gullmedalje[5] for «framståande innsats i å skapa nye moglegheiter for norsk teknologi.»
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Gunvor Ulstein» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2013.
Fotnotar |
↑ Ulsmo AS
↑ Årets Forretningskvinne
↑ WISTA-prisen
↑ Seatrade Young Person in Shipping
↑ Tekna sin gullmedalje