1. januar
1. januar er den første dagen i kalenderåret i både den gregorianske og den julianske kalenderen. Det er 364 dagar att av året — 365 under skotår.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Primstaven
1.4 Namnedag
1.4.1 Helgendag i den katolske kyrkja
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
- Første nyårsdag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Sjølvstendedag og årsdag for revolusjonen på Cuba | Sjølvstendedag i Haiti | ||
Sjølvstendedag i Sudan |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 1. januar i 2019:
Primstaven |
Nyårsdag eller åttande dag jul. Markert med timeglas, hjul eller kyrkje. Klart vêr denne dagen ville gje eit godt år.
Namnedag |
Ingen namnedag på denne datoen.
Helgendag i den katolske kyrkja |
Fulgentius av Ruspe (Fabius Claudius Gordianus Fulgentius)
Hendingar |
Utlandet |
45 fvt.: Den julianske kalenderen vart teken i bruk
404: Den siste gladiator-kampen vart halden i Roma.
1438: Albert II av Habsburg vart konge av Ungarn.
1502: Rio de Janeiro vart oppdaga av portugisiske sjømenn. Namnet tyder «Januar-elva».
1515: Francis, hertug av Angouleme, tok over trona i Frankrike etter Louis XII og blir François I av Frankrike.
1622: Det vart bestemt at 1. januar skulle vera første dagen i året i Den gregorianske kalenderen.
1651: Charles II vart krona til konge av Skottland.
1660: Samuel Pepys starta arbeidet med si vidkjende dagbok.
1700: Russland tok i bruk den julianske kalenderen.
1707: João V vart konge av Portugal.
1776: George Washington presenterte det første nasjonalflagget for USA, «Grand Union Flag».
1788: Første utgåva av londonavisa The Times kom ut (tidlegare namn: The Daily Universal Register).
1801: Unionen Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland vart etablert ved The Act of Union; tidlegare Storbritannia og Irland
1801: Ceres blei oppdaga, og blei klassifisert som ein planet. Seinare blei han klassifisert som ein asteroide, men er no i klassen dvergplanetar.
1804: Haiti reiv seg laus frå Frankrike ved at Jean-Jacques Dessalines erklærte sjølvstende.
1807: Napoleon sette i verk Fastlandsblokaden mot England.
1808: Slaveri vart forbode i USA.
1808: Sierra Leone vart britisk kron-koloni.
1829: Sankt Frans Regis Clet vart dømd til døden for å bedraga det kinesiske folket ved å forkynne kristendommen
1833: Storbritannia kravde herredømme over Falklandsøyane.
1863: Abraham Lincoln erklærte at alle slavar skulle vera frie menneske gjennom iverksetjing av Emansiperingsakta (vedteken 22. september 1862).
1880: Bygginga av Panamakanalen byrja.
1883: Skipet USS Enterprise (bygd 1874) vart teke or bruk.
1885: Montgolfier-brørne kryssa den Engelske kanal med ballong.
1886: Storbritannia annekterte Øvre Burma.
1887: Dronning Victoria av Storbritannia vart utnemnd til keisarinne av India.
1892: Det amerikanske innvandringssenteret Ellis Island vart opna.
1893: Japan tok i bruk den gregorianske kalenderen.
1899: Cuba reiv seg laus frå Spania.
1901: Nigeria vart britisk protektorat.
1901: Det Australske Samveldet vart etablert med Edmund Barton som første statsminister.
1912: Republikken Kina vart etablert.
1914: Den britiske kolonien Nigeria vart etablert.
1915: Det britiske krigsskipet Formidable vart senka av ein torpedo i Den engelske kanalen. 547 døde.
1919: Edsel Ford tok over som sjef i The Ford Motor Company etter far sin, Henry Ford.
1919: Det tyske kommunistpartiet vart stifta.
1934: Alcatraz i USA vart føderalt fengsel.
1937: Anastasio Somoza vart president i Nicaragua.
1942: 26 land signererte i Washington Erklæringa om de sameinte statar, i opposisjon mot akse-maktene.
1956: Sudan vart uavhengig republikk.
1958: EEC, forløparen til EU, vart stifta.
1959: Fidel Castro fekk full kontroll over Cuba og proklamerte republikken Cuba, etter at diktatoren Fulgencio Batista flykta til Den dominikanske republikken.
1960: Kamerun vart uavhengig av (Frankrike)
1962: The Beatles var på audition for Decca Records, men fekk avslag fordi «ei gruppe med gitaristar er på veg ut».
1963: Danmarks Radio starta sendingane av Program 3.
1973: Danmark, Irland og Storbritannia vart medlemmar av EEC.
1975: I Watergate-saka blei John Ehrlichman, H.R. Haldeman og John Mitchell funne skuldige.
1978: Ein jumbojet frå Air India eksploderte i lufta, 213 døde.
1979: USA og Kina oppretta diplomatiske samband, 30 år etter at Folkerepublikken Kina vart oppretta.
1981: Hellas vart det 10. medlemslandet i EU.
1984: Brunei vart eit sjølvstendig land.
1992: Tsjekkoslovakia vart delt i to statar - Tsjekkia og Slovakia.
1992: Boutros Boutros Ghali (Egypt) tek over posten som FNs generalsekretær etter Javier Pérez de Cuéllar frå Peru.
1993: Tsjekkoslovakia vart delt ved at Tsjekkia og Slovakia fekk status som sjølvstendige land.
1994: EØS-avtalen tredde i kraft.
2002: Euroen vart innført i EU.
2007: Romania og Bulgaria blir medlem av EU som land nummer 26 og 27. Samstundes blei euroen mynteining i Slovenia.
2007: Irsk blei offisielt språk i EU.
Noreg |
1738: Bouvetøya vart oppdaga.
1830: Ugebladet for Skien, Skiensfjorden med Omegn kom ut.
1900: Porsgrunds Tidende starta med regelmessige utgåver, med Hans Reynolds som redaktør.
1900: Porsgrunn rettskrets vart avvikla og lagt under Gjerpen sorenskriveri.
1901: Noreg feira det nye hundretåret, medan Sverige og Tyskland valde (som einaste europeiske land) å feire det på 1. januar 1900 i staden.
1901: Aker kommunale pensjonsfond vart oppretta.
1901: Fattiglova av 1. januar 1900 tredde i kraft.
1902: Kristiania kommunale pensjonskasse vart oppretta.
1902: Narvik fekk bystatus.
1903: Departementet for det Indre endra namn til Departementet for udenrigske Sager, Handel, Søfart og Industri.
1904: Harstad fekk bystatus.
1905: Bergen kommunale pensjonskasse vart oppretta.
1905: Straffelovas §213 om strafferettsleg regulering av homofili blir teken i bruk. Lova vart oppheva 14. april 1972. Samtidig vart dødsstraff avskaffa for borgarlege brotsverk.
1911: Drammen kommunale pensjonskasse og Kongsberg kommunale pensjonskasse vart oppretta.
1911: Noreg hadde 2.390.402 innbyggjarar.
1913: Trondheim kommunale pensjonskasse vart oppretta.
1915: Fotballklubben Skeid vart stifta
1918: Noreg innfører rasjonering av varer på grunn av Englands blokade av Nordsjøen i 1. verdskrigen.
1919: Administarsjonstermen amt vart endra til fylke.
1919: Det noverande Finansdepartementet endra namn frå 5te Departement til Departementet for Finans-, Handels- og Toldvæsenet.
1925: Noregs hovudstad bytte namn frå Kristiania til Oslo. (Namnet Christiania vart gjeve byen i 1643 og endra til Kristiania i 1877.)
1989: Norsk Arbeidsgjevarforeining, Noregs Industriforbund og Norsk Handverkarforbund gjekk saman til NHO.
1994: EØS-avtala tredde i kraft.
1998: Noreg innførte den nye Røykelova.
2004: Noregs sjøterritorium vart utvida med 8 nautiske mil. Grensa går no ved 12 nautiske mil.
2004: Avinor innførte 100 % sikkerheitskontroll på norske flyplassar.
2004: Noreg hadde 4.577.457 innbyggjarar.
2004: Noreg innførte prikkbelasting på førarkort.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 1. januar.
1638: Niels Stensen, dansk teolog, anatom og geolog
1818: Jørgen Olafsen, norsk forfattar og politikar
1834: Lorentz Dietrichson, norsk kunsthistorikar
1881: Bertram Dybwad Brochmann, norsk forfattar og politikar
1895: John Edgar Hoover, amerikansk politisjef
1900: Hub van Doorne, nederlandsk industrileiar
1919: J.D. Salinger, USA-amerikansk forfattar
1948: Ellen DeGeneres, USA-amerikansk skodespelar
1961: Jeanne Boel, dansk songarinne og skodespelar
Døde |
- Sjå òg Døde den 1. januar.
- 1204: Håkon III av Noreg
- 1515: Ludvig XII av Frankrike
- 1559: Kristian III av Danmark-Noreg
- 1766: James Francis Edward Stuart, britisk tronkrevjar
- 1782: Johann Christian Bach, tysk komponist
- 1793: Francesco Guardi, veneziansk målar
- 1853: Valentin Sibbern, norsk embetsmann
- 1858: Baltazar Mathias Keilhau, norsk geolog
- 1894: Heinrich Hertz, tysk fysikar
- 1953: Hank Williams, amerikansk countrymusikar
- 1972: Maurice Chevalier, fransk songar og skodespelar
- 1997: Townes Van Zandt, amerikansk musikar
< Januar > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |