Finansdepartementet i Noreg
- For finansdepartement i andre land, sjå Finansdepartement
| |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1814[1] |
Statsråd | Siv Jensen |
Hovudkontor | Akersgata 40, Oslo |
Tilsette | 314 (2014)[2] |
Nettside | fin.regjeringen.no |
Finansdepartement skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, samt overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.
Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.
Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.
Departement er plassert i den gamle regjeringsbygningen ("G-blokka"), Akersgaten 40 i Oslo.
Innhaldsliste
1 Organisasjon
2 Leiinga i departementet
2.1 Politisk leiing
2.2 Administrativ leiing
3 Sjå også
4 Kjelder
Organisasjon |
Departementet er delt inn i seks fagavdelingar, i tillegg til administrasjonsavdelinga og informasjonseininga. Det har i alt ca 300 tilsette, der dei fleste er samfunnsøkonomar, juristar eller siviløkonomar.
Økonomiavdelinga samordnar den økonomiske politikken, og trekkjer blant anna opp rammer for bruken av oljepengar over statsbudsjettet. Denne avdelinga har ansvar for å lage prognosar for den økonomiske utviklinga i Noreg, og lagar Nasjonalbudsjettet blant anna på bakgrunn av desse. Avdelinga står også for dei fleste analysane i Langtidsprogrammet. Økonomiavdelinga vedlikeheld og forvaltar dei fleste av dei makroøkonomiske modellane som departementet rår over. Avdelinga har også ansvaret for å lage regelverket for pengepolitikken. Økonomiavdelinga har etatsansvar for Statistisk sentralbyrå.
Finansavdelinga har ansvaret for å utarbeide Statsbudsjettet kvar haust og Revidert nasjonalbudsjett kvar vinter, og har etatsstyringsansvar for Senter for statleg økonomistyring. Avdelinga forhandlar bilateralt med kvart departement gjennom budsjettprosessen.
Skattelovavdelinga har ansvaret for skatte- og avgiftslovgjevinga og har etatsstyringsansvar for Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. Skattelovavdelinga utarbeider også forskrifter og rundskriv som presiserer skattelovgjevinga, og har hovudansvaret for arbeid med endring av denne.
Skatteøkonomisk avdeling analyserer konsekvensar av skattesystemet, og har hovudansvaret for provenyutrekningar knytte til både regjeringa sin skatte- og finanspolitikk, og dei forslaga som opposisjonen i Stortinget kvar haust sender departementet for å få utarbeidd konsekvensanslag for forslaga. Avdelinga rår over makroøkonomiske modellar som analyserer realverknaden av ulike skattereglar.
Finansmarknadsavdelinga har ansvaret for finansmarknadslovgjevinga og etatsstyringa for Kredittilsynet. Inntil 2007 forvalta også avdelinga Regjeringen sin eigarpost i banken DnB NOR, men forvaltinga av denne eigarposten er sidan flytta til NHD.
Avdeling for formuesforvalting utformar investeringsstrategien for Statens pensjonsfond - Noreg, («Folketrygdfondet») og Statens pensjonsfond - Utland («Oljefondet»). Avdelinga har oppfølgingsansvar for Noregs Bank, som forvaltar Statens pensjonsfond - Utland på vegne av departementet, samt for Folketrygdfondet som er blitt delegert oppgåva med forvaltinga av Statens pensjonsfond - Norge.
Departementet sine underordna etatar er:
- Statistisk sentralbyrå
- Kredittilsynet
- Toll- og avgiftsetaten
- Skatteetaten
- Senter for statleg økonomistyring
I tillegg forvaltar departementet staten sine eigarinteresser i særlovselskapet Folketrygdfondet.
Departemenet har fagansvaret for lov om Norges Bank og pengevesenet, men Noregs Bank har ei sjølvstendig stilling i høve departementet. Banken kan berre instruerast av Kongen i statsråd, jf. sentralbankloven § 2.
Leiinga i departementet |
Politisk leiing |
Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) er sidan 16. oktober 2013 Siv Jensen frå Framstegspartiet. Ho blir bistått av fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.[3]
Administrativ leiing |
Øvste administrative leiar er finansråd Svein Gjedrem frå 11. juni 2011.[4] Kvar av avdelingane blir leia av ein ekspedisjonssjef, som i dei aller fleste tilfelle har rykt opp som interne kandidatar frå departementet sitt eige embetsverk.
Sjå også |
- Norske finansministrar
Kjelder |
↑ Om Finansdepartementet
↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
↑ «Erna Solbergs regjering 2013 -», regjeringen.no
↑ Finansråd Svein Gjedrem
- Finansdepartementet
- NSDs forvaltningsdatabase Finansdepartementets organisasjonshistorikk
Norske departement | ||
---|---|---|
Statsministerens kontor · Arbeids- og sosialdepartementet · Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet · Finansdepartementet · Forsvarsdepartementet · Helse- og omsorgsdepartementet · Justis- og beredskapsdepartementet · Klima- og miljødepartementet · Kommunal- og moderniseringsdepartementet · Kulturdepartementet · Kunnskapsdepartementet · Landbruks- og matdepartementet · Nærings- og fiskeridepartementet · Olje- og energidepartementet · Samferdsledepartementet · Utanriksdepartementet |