Kjersti Grini

Multi tool use
Kjersti Grini
|
|
Fødd |
7. september 1971 Oslo
|
Yrke |
handballspelar
|
Kjersti Elizabeth Grini (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare handballspelar, oppvaksen på Gran og Jaren på Hadeland. I tida 1994-2001 vann ho med Noregs handballandslag gull, sølv og bronse i tre ulike europameisterskap, gull- og sølvmedalje i høvesvis VM 1999 og 2001, og OL-bronse i 2000.
Aktiv |
Grini debuterte på det norske landslaget mot Jugoslavia 11. november 1987. Meisterskapsdebuten fekk ho i VM 1990 i Seoul. Ho fekk ikkje plass i OL-troppen 1992, ei heller i troppen til VM 1993 på heimebane, noko som førte til mykje mediastøy. Landslagssjefen Sven Tore Jacobsen skal ha vore misnøgd med hennar taktiske evner.
Den nye landslagssjefen frå 1994, Marit Breivik, gav Grini tillit, og særleg dei seinare 1990-åra til 2001 hadde ho ei dominerande rolle i det norske landslaget. Ho fekk bronsemedalje i EM 1994 og sølvmedalje i EM 1996. Deretter vart ho europameister 1998 i Nederland og verdsmeister i 1999 på heimebane, etter ein finalekamp på Lillehammer der ho sette inn åtte av Noregs 25 mål. Både under Sommar-OL 1996, EM 1998 og Sommar-OL 2000 vart ho kåra til plass i meisterrekka (All Star Team).
Norsk toppskårar var Grini også då det vart siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2000 i Sydney. Den 16. desember 2001 skåra ho ni av Noregs mål då Russland vann VM-finalen 2001 med 30-25 i italienske Merano. Med dei ni nettkjenningane hadde Grini skåra 1003 landslagsmål for Noreg, i det som var hennar 201. og, skulle det vise seg, siste kamp med det norske flagget på brystet.
Grini spelte på Lunner IL då ho vart toppskårar i den norske toppdivisjonen 1990. I 1991 vart ho hanka inn til Bækkelaget, og med osloklubben spelte ho finale i Europacupen både i 1994 og 1995, begge oppgjera enda med tap for Grini. Ho braut med Bækkelaget i 1997, og var ein sesong i Toten HK. Sidan spelte ho på Tertnes IL i Bergen, der ho våren 2000 var med å tape finalen i EHF-cupen med eitt mål. Ho melde deretter overgang til danske Ikast, ein klubb ho vart nasjonal cupmeister med i 2001 og vinnar av EHF-cupen i 2002.
Siste åra som aktiv var Grini plaga med skadar, noko som leidde til at ho la opp i 2003.
Merittar |
- EM 1994: Bronsemedalje
- VM 1995: Nr 4
- Sommar-OL 1996: Nr 4
- EM 1996: Sølvmedalje
- EM 1998: Gullmedalje
- VM 1999: Gullmedalje
- Sommar-OL 2000: Bronsemedalje
- VM 2001: Sølvmedalje
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Kjersti Grini» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2016.
6F,4ghewR
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...