Lyngør fyrstasjon









































































Lyngør fyrstasjon
Lyngør fyr august 2017 (4).jpg
Lyngør fyr
Foto: Petter Ulleland

Fylke Aust-Agder
Kommune Tvedestrand
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1879
Koordinatar
58°38.0689′N 9°9.3178′EKoordinatar: 58°38.0689′N 9°9.3178′E
Fyrtårn
Høgd 16,9
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Betong
Fyrlys
Lyskarakter Lysglimt vart 60. sek.
Lyshøgd 21,3 moh
Lysvidde 14,0 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 2004
Avfolka 2004
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Lyngør fyrstasjon er eit fyr på ei lita øy, Kjeholmen, utanfor Tvedestrand i Aust-Agder, i nærleiken av Lyngør. Fyrbygningen er i betong med fyrtårnet bygd inntil gavlen (tverrveggen) ut mot havet.





Lyngør fyrstasjon is located in Aust-Agder





Plasseringa til Lyngør fyrstasjon



Fyret har 3. orden linseapparat med ei lysvidde på 12,0 nautiske mil. Fyret kom i drift i 1879, samstundes med Homborsund fyrstasjon. I 1946 vart fyrbygningen utvida med eit maskinhus med generatorar og luftkompressorar for tåkelur, og det vart bygd bustad med uthus for fyrassistentar. Lyngør fyrstasjon er difor eit godt døme på ein fyrstasjon der fleire familiar hadde tilhald.


Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 2004. Tåkesignalet, ein diafon, er teke vare på, men trykktankane er fjerna, så signalet vert ikkje lenger nytta.


Fyret er eit tidleg døme på betongbygging i landet. Fleire av dei opphavlege installasjonane er intakte: fyrbygningen med bustad, maskinhus, ny og gamal oljebu, bustad for fyrassistent, uthus, tuft etter ei smie, vegar, landing i betong med to naust og ei oljekai. Fyrstasjonen ligg i nærleiken av dei verneverdige bygningane på Lyngør, og er freda etter lov om kulturminne som ein del av landskapet og bygningane på Lyngør.




Innhaldsliste






  • 1 Klima


  • 2 Sjå òg


  • 3 Bilete


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Klima |


Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved Lyngør fyrstasjon med synopnummer 1467. Han står 4 meter over havet og har vore i drift sidan februar 1947.




















































Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
Sep
Okt
Nov
Des
År
Temperatur (°C)

-0,8

-1,2

1,2

4,8

10,1

14,5

16,2

15,8

12,6

9,0

4,3

1,2
7,3
Nedbør (mm)
73
45
57
43
64
50
71
91
94
118
97
66
869


Sjå òg |



  • Fyr i Noreg

  • Fyrstasjonar i drift i Noreg



Bilete |




Kjelder |




  • «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 

  • Norsk Fyrhistorisk Forening: Aust-Agder: Lyngør fyrstasjon



Bakgrunnsstoff |






  • Vis Lyngør fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren









Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal