Christel Alsos








































Christel Alsos

Christel Alsos at Zero 2010.jpg
Christel Alsos, 2010.
Fødenamn Christel Alsos Monsen
Fødd
20. desember 1984 (34 år)
Fauske i Nordland i Noreg
Instrument

Vokalist, gitar


Sjanger
Pop
Aktive år
2004 til i dag
Yrke
Vokalist, låtskrivar
Plateselskap
Columbia, Sony Music
Nettstad
www.christelalsos.no

Christel Alsos er artistnamnet til Christel Alsos Monsen (fødd 20. desember 1984), ei norsk songarinne frå Fauske i Nordland fylke.


Etter å ha opptredd på TV-programmet Noen Bedre på NRK hausten 2004 vart ho oppdaga av plateselskapet Sony BMG, som ho teikna kontrakt med.


Den første utgjevinga hennar var singelen «Come On» i 2006. Denne vart godt motteke av norske radiostasjonar og kom inn på Hit40 i november 2006. Debutalbumet Closing the Distance kom ut 15. januar 2007 og selde 30 000 på tre månader, noko som gjorde henne til ein av dei bestseljande kvinnelege artistane våren 2007. Ho er vorte nominert til Spellemannprisen fire gonger: til Spellemannprisen 2006 i klassa årets musikkvideo for «Come On», til Spellemannprisen 2007 i klassene årets nykomar og kvinneleg artist for albumet Closing the Distance og til Spellemannprisen 2010 i klassa kvinneleg artist for hennar andre album Tomorrow Is.


Alsos' songar «Found» og «When the Light Dies Out» har vorte brukt i TV-serien Vampire Diaries.




Innhaldsliste






  • 1 Utgjevingar


    • 1.1 Album


    • 1.2 Singlar




  • 2 Bakgrunnsstoff





Utgjevingar |



Album |




  • Closing the Distance (2007)


  • Tomorrow Is (2010)


  • Presence (2013)


  • I den kalde vinter (2013)



Singlar |




  • Come On (2006)


  • Suzanne (2009)


  • Conquer (2012)


  • I den kalde vinter (2013)



Bakgrunnsstoff |




  • Christel Alsos på MySpace.com


  • Christel Alsos i Store norske leksikon


  • Christel Alsos på Rockipedia


  • Christel Alsos Monsen på allmusic.com





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal