Else Marthe Sørlie Lybekk
















Else Marthe Sørlie Lybekk

Else-Marthe Sørlie Lybekk.jpg
Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt
Foto: Jan Daniels

Fødd
11. november 1978
Gjøvik
Yrke
handballspelar

Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.


Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.




Innhaldsliste






  • 1 Merittar landslag


  • 2 Merittar klubblag


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Merittar landslag |



  • EM 1998 – Gull

  • VM 1999 – Gull

  • OL 2000 – Bronse

  • EM 2000 – 6.plass

  • VM 2001 – Sølv

  • EM 2002 – Sølv

  • VM 2003 – 6.plass


  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland

  • VM 2007 – Sølv

  • OL 2008 – Gull



Merittar klubblag |



  • 2002: Cupmeister med Nordstrand IF

  • 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig

  • 2007: Cupmeister med HC Leipzig

  • 2008: Cupmeister med HC Leipzig



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Else-Marthe Sørlie Lybekk» frå Wikipedia på tysk, den 30. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |






  • (en) Else Marthe Sørlie Lybekk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.









Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal