Pátmos
Pátmos Lokalt namn: Πάτμος | |
---|---|
Skála på Pátmos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 34,6 km²
|
Høgaste punkt | Profitis Ilias (269 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Pátmos (541 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 3 047 (2011[1]) |
Folketettleik | 67,7 /km² |
Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy i Hellas og den nordlegaste øya i Dodekanesane i Egearhavet. Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.
Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.
Dei største landsbyane på øya er Khóra eller Pátmos (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppene Arkí, som høyrer til Pátmos kommune, og Lipsí, som er eigen kommune.
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Pátmos 3 047 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 541 innbyggjarar.[1]
Pátmos er mest kjend for å vere nemnd i Johannes' openberring, og forfattaren apostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristen pilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.
Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del av UNESCO si verdsarv.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Byar og tettstader
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
5 Kjelde
Historie |
Øya vart styrt av tyrkarane i mange år. Pátmos vart erobra av italienarane i 1912 under den tyrkisk-italienske krigen. I 1915 vart Pátmos framleis under italiensk kontroll. Pátmos vart avstått til Hellas etter den andre verdskrigen.
Pátmos er i dag ein turistattraksjon på grunn av dei naturskjønne omgivnadane og dei religiøse heilagdomane.
Byar og tettstader |
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Skála | 1 747 |
Kámbos | 633 |
Pátmos (Khóra) | 541 |
Grígos | 77 |
Arkí | 44 |
Småøyar i kommunen:
Arkí (44)- Maráthi (5)
- Aváptistos (0)
- Ajía Thékla (0)
- Ájos Jeórjos (0)
- Agreloússa (0)
- Anýdro (0)
- Kalóvolos (0)
- Kómaros (0)
- Makronísi (0)
- Nerá (0)
- Petrokáravo (0)
- Skláves (0)
- Syneronísi (0)
- Spathathonísi (0)
- Strongyló (0)
- Tragonísi (0)
- Tsoúka (0)
- Tsoukáki (0)
- Khiliomódi (0)
- Psathonísi (0)
Referansar |
↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert
↑ Kallikratis-reforma
Bakgrunnsstoff |
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Patmos frå Engelsk Wikipedia .
Dodekanesane | |
---|---|
Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou |
Periferien Dei sørlege egeiske øyane | |
---|---|
Periferieininga Ándros | Ándros |
Periferieininga Tínos | Tínos |
Periferieininga Mýkonos | Mýkonos |
Periferieininga Sýros | Sýros-Ermoúpoli |
Periferieininga Kéa-Kýthnos | Kéa • Kýthnos |
Periferieininga Mílos | Sérifos • Sífnos • Kímolos • Mílos |
Periferieininga Páros | Andíparos • Páros |
Periferieininga Náxos | Náxos og dei små Kykladane • Amorgós |
Periferieininga Thíra | Folégandros • Síkinos • Íos • Santoríni • Anáfi |
Periferieininga Kálymnos | Agathonísi • Pátmos • Lipsí • Léros • Kálymnos • Astypálea |
Periferieininga Kos | Kos • Nísyros |
Periferieininga Kárpathos | Kárpathos • Kásos |
Periferieininga Ródos | Tílos • Khálki • Sými • Ródos • Kastellórizo |
|