Krabbeetarsel







































Krabbeetarsel

Status i verda: LC Livskraftig


Krabbenfresser.jpg



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Mammalia

Orden:

Carnivora

Underorden:

Pinnipedia

Familie:

Phocidae

Slekt:

Lobodon

Vitskapleg namn
Lobodon carcinophagus

Hombron & Jacquinot, 1842


Krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus eller carcinophaga) er ein selart som lever i Antarktis. Han høyrer til familien Phocidae (hårselar, «ekte selar»). Trass namnet lever dei hovudsakleg av kril.




Tennene filtrerer ut kril frå sjøvatnet.


Krabbeetarselar er slanke, lysegrå selar som blir rundt 2,5 meter lange, og veg 200-300 kg i vaksen alder.
Pelsen er einsfarga. Ungdyr er gjerne noko mørkare enn eldre. Hoene er noko større enn hannane.


Tennene til selen er særskilt tilpassa kosthaldet. Dei gjer at han kan filtrere kril frå vatnet. 95 % av føda til selen er antarktisk kril (Euphausia superba). I tillegg tek han også noko fisk og blekksprut.


Dyra lever gjerne i små familiegrupper, men kan også samla seg i større flokkar. Ungane blir fødde i september–desember. Svært mange av ungane døyr i løpet av første leveåret, mange av dei som bytte for leopardsel.




Utbreiinga til krabbeetarsel.


Krabbeetarsel har ei sirkumpolar utbreiing, men føretrekk pakkis framfor ope hav. Dei kan koma seg kvikt fram oppå is. Dei kan også vandra til område så langt unna som New Zealand, Australia, sørkysten av Afrika og Sør-Amerika.


Ein reknar med at det finst over 7 millionar individ, kanskje opptil eller over 15 millionar krabbeetarsel. Arten er dermed ikkje rekna som truga.



Bakgrunnsstoff |




Wikispecies

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lobodon carcinophagus




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krabbeetarsel



Kjelder |




  • «Lobodon carcinophaga» ved iucnredlist.org. Henta 11. februar 2013.


  • «krabbeetersel» i Store norske leksikon. Henta 11. februar 2013.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Krabbeetarsel» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2013.








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal