Scotiahavet






Scotiahavets beliggenhet




Oversiktskart over Scotiahavet


Scotiahavet er eit randhav til Sørishavet som ligg nord for Antarktishalvøya. Det vart namngjeve i 1932 etter ekspedisjonsskipet «Scotia» som vart nytta under Scotia-ekspedisjonen (1902–04) i dette området.[1] Scotiahavet grensar i nord til Eldlandet og Falklandsøyane, i vest til Drakesundet, i aust til øygruppene Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i sør av Sør-Orknøyane og Antarktishalvøya. Delar av området utgjer Scotiaplaten, og delar ligg over kontinentalsokkelen til Sør-Amerika. Havet dekker eit areal på cirka 900 000 km² med ei gjennomsnittsdjupne på cirka 4 500 m og største djupne på cirka 5 840 m.[1]


I 1916 gjennomførte den britiske polarforskaren Ernest Shackleton saman med fire andre ekspedisjonsmedlemmer ei reise over Scotiahavet etter at fartøyet deira «Endurance» hadde blitt knust i isen. Mannskapet brukte to veker på å krysse Scotiahavet frå Elefantøya til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird».



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Scotiahavet» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2012.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 Encyclopedia Britannica.com







Bakgrunnsstoff |




  • Om området The Encyclopedia of Earth

  • Kart over Scotiahavet


Koordinatar: 57°30′S 40°00′W





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal