Johan Kvandal










































Johan Kvandal
Fødd
8. september 1919
Fødestad Christiania
Død
16. februar 1999
Dødsstad Oslo
Opphav Noreg
Sjanger
opera, symfoni
Instrument orgel
Verka som komponist
Far David Monrad Johansen

Johan Kvandal (8. september 1919–16. februar 1999)[1] var ein norsk komponist.


Johan Kvandal var son av komponisten David Monrad Johansen. Han tok organist- og dirigentutdanning ved Musikkonservatoriet i Oslo. I tillegg studerte han komposisjon og teori med Per Steenberg, Arild Sandvold og Geirr Tveitt. Han studerte sidan komposisjon hos Joseph Marx i Wien og Nadia Boulanger i Paris.


I dei tidlege verka til Kvandal, som Fem små Klaverstykker, Op. 1 og Syv Sanger, Op. 4, kan ein tydeleg sjå at han vore påverka av dei nasjonale strøymingane på 1920-30-talet. Han var òg opptatt av å kombinere norsk folkmusikk og klassiske former, noko "Sonatine for Piano" Op. 2 og "Norsk Overture" Op. 7 ber tydeleg preg av. Paris-opphaldet (1952–54) fekk avgjerande følgjer for det vidare arbeidet hans. Gjennom studie med Nadia Boulanger og tilgang på det rike musikkmiljøet i byen, vart han godt kjend med verka til komponistar som Bartôk, Stravinskij og Messiaen. Dette medførte ein langt større kompositorisk fridom, som etter kvart utvikla seg til ein stil han sjølv karakteriserte som "moderne tonalitet".


Musikkproduksjonen til Kvandal omfattar komposisjonar for mange slag ensemble, frå soloinstrument til stort orkester. Sentralt står operaen "Mysterier" basert på Hamsuns roman med same namn. Blant orkesterverka er "Antagonia" Op. 38 (1973) for to strykeorkestre og slagverk, "Konsert for Fiolin og Orkester", Op. 52 (1979), og "Michelangelo Poem" Op. 49 (1977) rekna til dei viktigaste verka hans. Det siste store verket han komponerte var klaverkonsert, Op. 85, som han skreiv for pianisten Håvard Gimse, som har spelt han inn på CD saman med David Monrad Johansens klaverkonsert i Ess-dur.


Kvandal var aktiv både som komponist, organist og musikk-kritikar.



Utgjevingar |



  • Underet (Bergen Digital, 1989). Med Bergen Domkantori


Referansar |



  • Denne artikkelen bygger på «Johan Kvandal» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2013.





  1. mic.no Bransjeregister




Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • mic.no Ballade: Biografi





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Steinsetfjorden