Zjdanovismen

Multi tool use
Zjdanovismen eller Zjdanov-doktrinen i Sovjetunionen var ei streng, kulturell styringslinje som vart utvikla av sekretæren i sentralkommitéen, Andrej Zjdanov, i 1946.
Hovudinnhaldet |
Doktrinen slo fast at verda var delt inn i to leirar: den imperialistiske leiren med Sambandsstatane i førarstillinga og den demokratiske leiren med Sovjetunionen som leiar. Hovudprinsippet i doktrinen vart ofte oppsummert med den fylgjande utsegna: «Den einaste konflikten som er mogleg i sovjetisk kultur, er konflikten mellom det gode og det beste.» Zjdanovismen utvikla seg raskt til å bli ei kulturell styringslinje i unionen. Dette førte til at sovjetiske kunstnarar, forfattarar og høgt utdanna personar måtte retta seg etter partilinja i sine kreative verk. Kunstnarar som ikkje overheldt ynskja til regjeringa, risikerte forfylging. Doktrinen var strengast dei fyrste åra, fram til 1952.
Konsekvensar |
Resolusjonen til Sentralkommitéen frå 1946 var retta mot to litterære magasin, Leningrad og Zvezda. Blada skulle ha trykt "a-politiske og spissborgarlege" individualistiske verk av satirikaren Mikhail Zosjtsjenko og lyrikaren Anna Akhmatova. Tidlegare hadde nokre litteraturkritikarar og -historikarar blitt strengt åtvara for å ha skrive at russiske klassikarar hadde vorte influert av Jean-Jacques Rousseau, Molière, Lord Byron eller Charles Dickens.
Eit nytt vedtak vart gjort den 10. februar 1948 og markerte byrjinga på den såkalla anti-formalismekampanjen. Kampanjen var formelt retta mot operaen «Den store venskapen» av Vano Muradeli, men signaliserte utstrekt kritikk og forfylging av mange av dei fremste komponistane i Sovjetunionen. Dei best kjende døma på dette er Dmitrij Sjostakovitsj, Sergej Prokofjev og Aram Khatsjaturjan, som vart stempla for å bruka "formalisme" i musikken sin. Ein fylgde opp vedtaket i april ved ein spesialkongress i Komponistunionen der mange av dei som var blitt skulda, vart pressa til å be om offentleg orsaking. Kampanjen vart seinare satirisert over av Sjostakovitsj i stykket Antiformalist Rajok. Komponistane vart brakt til heider og vyrde igjen frå det offentlege den 28. mai 1958, etter eit nytt vedtak.
I Folkerepublikken Kina vart Zjdanovismen driven endå lenger enn i Sovjet, under Kulturrevolusjonen på 1960- og 1970-talet.
Kjelde |
- Denne artikkelen byggjer på «Zhdanov Doctrine» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2012.
Q qIQys 8SleZGNkGcYMDErZq5o3 Uf,JHSZgPwsXH,VVmdz9OPKVhTRT8aQipt aN0SH03zJzLYgla5,2g,6C 0juSiLvN
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...