Kløv
- For tendensen til mineral å brekke opp langs plane flater, sjå kløyv.
Kløv frå USA.
Kløv eller kløvsal er ein type sal til å halde fast todelt bør over ryggen på lastedyr. Kløva består typisk av to trestykke som er bundne fast med flate puter under, ofte med oppståande trestykke tvers over i begge endane, som er festa til dyret med reimar eller breie band rundt buk, bringe og lender.
I Noreg er tradisjonelt hest og rein dei mest brukte kløvdyra, men hund og geit har òg vorte brukt. Elles i verda er kamelar, dromedarar, jakar, lamaer, esel og muldyr brukt som kløvdyr.
Tradisjonell kløv- og ridesal frå det amerikanske salishfolket (Flathead).
Japansk kløvsal.
Japansk kløvsal for ein føydalherre.

Hestar med kløv.
Muldyr med kløv, utan last.

Japansk scene med kløvhest.

Geit med kløv.

Esel med kløv som ber vatn.

Jak med kløv og last.
Kjelder |
«kløv» i Nynorskordboka.
«kløv» i Store norske leksikon, snl.no.