Snublesteinar

Multi tool use

Snublestein til minne om Ruth Maier framfor Dalsbergstien 3 i Oslo

Gunter Demnig i Werkendam i Nederland i 2010 med snublesteinar til minne om familien de Vries

Land der det er sett ned snublesteinar pr. 2016
Snublesteinar er standardiserte individuelle minnesmerke over kvart av ofra for det nazistiske Tysklands organiserte drap på jødar og andre menneske før og under andre verdskrigen. Minnesmerka er 10x10x10 centimeter store steinar av betong med ei messingplate på toppen, der det er skrive namn, dato for fødsel og død, og staden for drapet, som er nedstøypte i fortauet eller grunnen framfor bustaden eller arbeidsstaden til kvar av dei som vart drepne. Overflata på steinen ligg i flukt med overflata på fortauet, slik det er ei symbolsk form for snubling, ei skarp påminning om ein menneskeskapt tragedie som ikkje må få skje omatt, som steinen er meint å skape.
Den tyske kunstnaren Gunter Demnig (fødd 27. oktober 1947 i Berlin) fekk i 1993 ideen til dette prosjektet, som han kalla «Stolpersteine» (tysk for snublesteinar). Steinane er både meint som minnesmerke, og som offentlege kunstverk, og Gunter Demnig har eigarretten til konseptet. Frå dei fyrste steinane vart sett ned i Tyskland i 1994, har prosjektet vorte spreidd til dei andre europeiske landa som vart råka av desse ugjerningane. I samarbeid med den tyske forfattaren og journalisten Raimund Wolfert, sytte i 2010 Jødisk Museum i Oslo for å få sett i gang prosjektet i Noreg òg. Til å byrje med vart tjuge snublesteinar sett ned, 19 steinar for ofra frå Calmeyers gate 15 i Oslo, og ein stein for Ruth Maier i Dalsbergstien i Oslo. Seinare har det vorte sett ned snublesteinar i ein rad andre byar og kommunar her i landet.
Bakgrunnsstoff |

Commons har multimedia som gjeld:
Snublesteinar
- Jødisk Museum i Oslo: Snublesteiner
- Oppdatert oversyn frå Jødisk Museum i Oslo over stader i Noreg der det er lagt ned snublesteinar til minne om deporterte jødar
- Internettsida til Gunter Demnig om organiseringa av snublesteinar
yK O1lcLgDz jCQBE7kuk0Jcx2,h,07vUsPrk9 yb 9h3fPVHU tiide8ubh
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...