Kvinne-IM i sjakk

Multi tool use
Internasjonal kvinne-meister i sjakk (WIM), engelsk Woman International Master, er den nest høgast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinner. Tittelen er livsvarig.
Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk, men over Kvinne-FM i sjakk og Kvinne-CM i sjakk.
FIDE innførte tittelen i 1950, då med namnet International Women Master, IWM. Dette var den høgaste kvinnetittelen fram til tittelen Kvinne-stormeister vart innført i 1977.
WiM-tittelen blir tildelt for prestasjonar på eit klart lågare nivå enn den vanlege Internasjonal meister i sjakk-tittelen, og også noko under nivået for FIDE-meister i sjakk (FM).
Krava til WIM-tittelen er i korte trekk at spelaren må ha klart sterke prestasjonar, i 2 eller 3 sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. Prestasjonane må etter Verdssjakkforbundet sitt ratingsystem tilsvare ein rating på minst 2250. Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 3 spelarer med WIM-tittelen eller spelarar med høgare rangert tittel i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.
Det blir også kravd at spelaren på eit eller anna tidspunkt har hatt eigen rating på over 2200.
Her er også reglar som gir WIM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE sin handbok på nettet. [1]
FIDE si ratingliste pr 1. januar 2009 viser at meir enn 552 kvinner har WIM-tittelen.[2]
Det er fem norske spelarar som har fått WIM-tittelen: Ingrid Dahl, Ellen Hagesæther, Sheila Barth Sahl, Silje Bjerke[3] og Katrine Tjølsen[4].
Bakgrunnsstoff |
- Verdsjakkforbundet FIDE si heimeside
Fotnotar |
↑ 1.0. Requirements for the titles designated in 0.31. Reglane i FIDE si handbok
↑ FIDE si ratingliste
↑ [1]
↑ FIDE-titlar tildelt under presidental board 1-2010
OBRJ Jk1tY5VIgMK,d4SFi7nHUavy,JH9BJ9cILqPp
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...