Kotra

Multi tool use
Kotra
|
elv
|
Land
|
Kviterussland, Litauen
|
|
Nedslagsfelt
|
2 010 km²
|
|
|
Lengd
|
109 km
|
Middelvassføring
|
12,8 m³/s
|
|
Kjelde
|
22 km nordaust for Varėna
|
Munning
|
Neman
|
|
|
Kotra (litauisk Katra) er ei 109 km lang elv i Kviterussland og Litauen. Elva er ein del av eit sjeldan elvefenomen. Kotra byrjar der ei elv, som stundom vert kalla Pelesa, deler seg til Kotra og elva Ūla. Pelesa har sitt utspring i Kviterussland og renn nordvestover. Like etter grensa til Litauen, mellom landsbyane Paramėliai og Kazliškės 22 km søraust for Varėna, deler elva seg i to uavhengige elvar: Kotra, som er ei sideelv til Neman, og Ūla, ei sideelv til Merkys. Denne situasjonen oppstod på andre halvdel av 1800-talet, då Ūla grov seg gjennom vasskiljet mellom sitt eige og Kotra sitt nedslagsfelt. Dette auka nedslagsfeltet til Ūla med 410 km². To av Kotra sine tidlegare sideelver fører no vatnet sitt til Ūla. Desse prosessane har ført til at grunnvassnivået har minka og fleire store innsjøar har forsvunne i området.
Kotra renn sørvestover langs grensa mellom Kviterussland og Litauen i om lag 24 km og dei siste 85 km gjennom Kviterussland. Kotra renn langs den sørlege grensa av Čepkeliaisumpen, eit område omgjort til eit naturreservat. Då nedslagsfelta og grunnvassnivået endra seg vart 2 000 hektar av ope myrområde overgrodd av skog. Kotra og dei omliggande myrområda er eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Varėna kommune etablerte eit 108,5 hektar stort reservoar for å verne dei naturlege omgivnadane rundt Kotra.
Kjelder |
- Encyclopedia Lituanica, 1970-1978
- Tarybų Lietuvos enciklopedija, 1986
Cepkeliai.
- Denne artikkelen bygger på «Kotra River» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2007.
Bakgrunnsstoff |
epoHgoTYJ GGHsFgJZKdm,i4Rp2A oKMgfEkx,JQD3MHzzGVQ
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...