Blodpølse






Blodpølse, spansk type


Blodpølse/blodpølsa er ein matrett som inneheld dyreblod.


Den vert laga ved at ein lagar ei røre som vert hatt i eit ilåt og kokt. Til ilåtet har det tradisjonelt vorte brukt godt reingjord dyremage, som har vorte sydd til ein pose. I dag får ein kjøpt ferdig blodpølse som er kokt i ilåt av plaststoff.


Oppskrifta er noko varierande. Røra kan vere laga av dyreblod, vatn, poteter, grynmjøl, kveitemjøl, salt, pepar, sukker, allehande og sirup. Det har og vore vanleg å ha netjetalg i blodpølsa. Når ilåtet er passe fullt, vert det attsydd og kokt. Store blodpølser treng opp til 2 timar koketid.


Før heimefrysarar var vanleg, kunne den ferdige pølsa verte lagra i kornbingen.









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?