Herbjørg Wassmo
Herbjørg Wassmo | |
Herbjørg Wassmo Foto: Mogens Engelund (2014) | |
| Fødd | 6. desember 1942 Vesterålen |
| Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar |
Herbjørg Wassmo på Commons | |
Herbjørg Margrethe Wassmo, kjend som Herbjørg Wassmo (fødd 6. desember 1942) er ein norsk forfattar.
Wassom er fødd på Myre i Øksnes kommune i Vesterålen og er utdanna lærar.
Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Det litterære gjennombrotet fekk ho med romanen Huset med den blinde glassveranda i 1981, boka var første del i triologien om Tora, dei andre bøkene i serien heiter Det stumme rommet og Hudløs himmel. For Hudløs himmel fekk Wassmo Nordisk Råds litteraturpris. Serien om den incestutsette tyskarungen Tora vart ein stor publikumssuksess.
Det vart også serien om Dina, Dinas bok, Lykkens sønn og Karnas arv. Dinas bok vart i 2002 filmatisert som I am Dina med Maria Bonnevie og Gérard Depardieu i leiande rollar.[1]
Bøkene hennar er vorte omsette til ei rekkje språk.
Prisar og utmerkingar |
1981 Kritikarprisen for Huset med den blinde glassveranda
1983 Bokhandlarprisen for Det stumme rommet
1986 Nordland fylkes kulturpris
1987 Nordisk Råds litteraturpris for Hudløs himmel
1991 Gyldendals legat
1997 Amalie Skram-prisen
1998 Prix Jean Monnét
2004 Eeva Joenpelto Prisen (Finland)
2006 Havmannprisen, for Et glass melk, takk
2007 Kommandør av St. Olavs Orden
2010 Heidersprisen under utdelinga av Brageprisen
Verk |
1976 Vingeslag, diktsamling
1977 Flotid, diktsamling
1981 Huset med den blinde glassveranda, roman
1983 Det stumme rommet, roman
1983 Juni-vinter, skodespel
1984 Veien å gå, dokumentarroman
1985 Mellomlanding, skodespel
1986 Hudløs himmel, roman
1989 Dinas bok, roman
1991 Lite grønt bilde i stor blå ramme, diktsamling
1992 Lykkens sønn, roman
1995 Reiser - fire fortellinger
1996 Hemmelig torsdag i treet, barnebok
1997 Karnas arv, roman
2000 Det sjuende møte, roman
2003 Flukten fra Frank, roman
2006 Et glass melk takk, roman- 2013 Disse øyeblikk, roman
Kjelder |
↑ IMDB
|