Tomelilla kommun
Tomelilla kommun | ||
kommune | ||
| ||
Land | Sverige | |
---|---|---|
Len | Skåne län | |
Landskap | Skåne | |
Areal | 397,39 km² | |
- land | 395,94 km² | |
- vatn | 1,45 km² | |
Folketal | 12 942 | |
Wikimedia Commons: Tomelilla Municipality | ||
Tomelilla kommune ligg i det svenske fylket Skåne län i landskapet Skåne. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Tomelilla.
Tomelilla kommune ligg på Österlen og grensar til Simrishamn, Kristianstad, Hörby, Sjöbo og Ystads kommun.
Innhaldsliste
1 Tettstader
2 Kulturliv
3 Venskapskommunar
4 Kjelder
Tettstader |
Tomelilla kommune har fem tettstader.
Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Tomelilla | 6 204 |
2 | Brösarp | 700 |
3 | Onslunda | 453 |
4 | Smedstorp | 372 |
5 | Lunnarp | 343 |
Kulturliv |
I Tomelilla kommune finst fleire galleri og kunstnarar med eigne atelier. I administrasjonssenteret Tomelilla ligg Tomelilla Konsthall med ein biletkunstskule for barn og ungdom, og Tomelilla Jazzarkiv for eldre ungdom. Christinehofs slott i Andrarum nord for Tomelilla er velkjend for sine utandørskonsertar med internasjonalt kjende artistar og andre populære arrangement.
Venskapskommunar |
Tomelilla kommune har venskapskommunar i Noreg, Danmark og Finland.[1]
Nordre Land i Noreg
Rantasalmi i Finland
Præstø i Danmark
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Tomelilla kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ http://www.norden.no/oversikt3.html – Foreningen Norden
Kommunar i Skåne län i Sverige | ||
---|---|---|
Bjuv · Bromölla · Burlöv · Båstad · Eslöv · Helsingborg · Hässleholm · Höganäs · Hörby · Höör · Klippan · Kristianstad · Kävlinge · Landskrona · Lomma · Lund · Malmö · Osby · Perstorp · Simrishamn · Sjöbo · Skurup · Staffanstorp · Svalöv · Svedala · Tomelilla · Trelleborg · Vellinge · Ystad · Åstorp · Ängelholm · Örkelljunga · Östra Göinge | ||
Sjå òg: Kommunar i Sverige |
|