Den franske revolusjonen






Måleri av Jean-Pierre Louis Laurent Houel (1735-1813), Prise de la Bastille ("Storminga av Bastillen").


Den franske revolusjonen eller den store franske revolusjonen er ei nemning på hendingar i Frankrike i tida frå 1789–99. Revolusjonen var ein politisk og sosial kamp mot føydalismen og monarkiet. Det var au revolusjonar i Frankrike i 1830, 1848 og 1871 (Pariskommunen), men tiårsperioden frå 1789 til 1799, fram til da Napoleon Bonaparte tok makta, er ei av dei mest skilsetjande hendingane i verdshistoria. Ein kan til dømes nemne at det var i august 1789 den første menneskerettserklæringa i verdshistoria blei vedteken, av den revolusjonære nasjonalforsamlinga i Paris. Mellom andre den norske Grunnlova av 17. mai 1814 er laga etter modell først og fremst frå grunnlovene i det revolusjonære Frankrike frå 1789 og framover.


Frankrike på slutten av 1700-talet var på randen av ein revolusjon. Landet var eit føydalistisk monarki med eit klart definert klassesystem. Ei lita gruppe priviligerte, mellom anna kongelege og geistlege på toppen, hadde absolutt makt over resten av folket.


Etter ei rad krigar og konfliktar på 1700-talet var Frankrike i ei finansiell knipe, samstundes som adelen levde eit liv i luksus. Som eit resultat av den dårlege økonomien vart dei lågare klassene pålagt stadig høgare skattar, medan aristokratane (adelen) unngjekk dette. Samstundes hadde den sosiale utviklinga skapt ei ny samfunnsklasse; borgarskapet eller bursjoasiet, ei radikal middelklasse den gongen. Borgarskapet var påverka av opplysningsfilosofane og den amerikanske revolusjonen (1775–1783). Den sistnemnde var likevel berre som ein uviktig episode i eit lite og primitivt nybyggjarsamfunn på andre sida av kloten, samanlikna med det som skjedde i Frankrike frå 1789 og framover. Frankrike var det folkerikaste landet i Europa omframt Russland, og det landet som sette standard for resten av Europa på mange vis. Da det braut ut revolusjon der, var fyrstemakta og adelsmakta trua over heile Europa...




Innhaldsliste






  • 1 Personar


    • 1.1 Politiske tenkjarar




  • 2 Fenomen og omgrep


  • 3 Parti og Fraksjonar


  • 4 Aviser


  • 5 Bakgrunnsstoff





Personar |



  • Babeuf, François Noël, Gracchus

  • Barras, Paul

  • Carnot, Lazare

  • Caritat marquis de Condorcet, Marie Jean Antoine Nicolas

  • Danton, Georges

  • de Gouges, Olympe

  • Hébert, Jacques-René

  • Hérault de Séchelles, Marie Jean

  • Marat, Jean-Paul

  • Grev Mirabeau, Gabriel de Riqueti

  • Paine, Thomas

  • de Robespierre, Maximilien

  • Roland de la Platière, Jeanne-Marie

  • de Saint-Just, Louis Antoine Léon

  • Sieyès, Emmanuel-Joseph



Politiske tenkjarar |



  • Louis Gabriel Ambroise de Bonald

  • Diderot, Denis

  • Baron de La Brède et de Montesquieu, Charles-Louis de Secondat

  • Joseph de Maistre

  • Rousseau, Jean-Jacques

  • Arouet, kalla Voltaire, François-Marie



Fenomen og omgrep |



  • Tredjestanden


  • Stenderforsamlinga, Etats généraux

  • Guillotine

  • Nasjonalkonvent

  • Republikansk kalender

  • Sans-culottes

  • Skrekkveldet



Parti og Fraksjonar |



  • Jakobinarane

  • Cordeliers


  • Girondistane, (Marais)


  • Feuillants, Monarkistane



Aviser |




  • L'Ami du Peuple utgjeven av Marat


  • La grande Colère du Pere Dûchesne utgjeve av Hebert

  • Les Révolutions de Paris



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den franske revolusjonen



Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva