Brushane



























Brushane

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga


Philomachus pugnax (Marek Szczepanek).jpg



Systematikk

Klasse:

Aves

Orden:

Charadriiformes

Familie:

Scolopacidae
Slekt:
Calidris

Vitskapleg namn
Calidris pugnax

Linné, 1758


Brushane (Calidris pugnax) er ein vadefugl i snipefamilien. Lengda er 20–32 cm, vingespennet er 46–58 cm. Han er større enn ein raudstilk; høna er mindre. Vårhannen er fleirfarga, med issetoppar og overdådig, brushanefjørkrage; om vinteren har han lyst, dust streka hovud. Hoa er gråbrun med grove mørke flekkar; haustjuvenilen er markert skjelmønstra i gulbrunt oppå, og okergul under med olivengule bein. Dei har eit tynt kvitt vingeband og ein oval kvit flekk på kvar sida av overgumpen. Brushanen er som regel taus.


Arten var tidlegare einaste medlemmen i den biologiske slekta Philomachus.[1]



Utbreiding |


Brushanen hekkar lokalt i Nord- og Nordvest-Europa som trekkjer regelmessig over heile Europa.


Brushanen er ein trekkfugl. Dei første hannane reiser i slutten av juni medan hovudtrekket for hoer og ungfuglar er i august-september. Fuglane kjem tilbake til hekkeplassen i mai etter å ha overvintra i Afrika.



Årets fugl |


Norsk ornitologisk foreining har i 2009 peika ut brushane som «årets fugl».



Bakgrunnsstoff |



  • Norsk ornitologisk forening om brushane

  • Dansk ornitologisk forening


  • Sveriges Ornitologiska Förening




  • Med referanse til Gibson & Baker 2012, har 5 snipeartar blitt flytta frå sine eigne monotypiske slekter og inn i slekta Calidris. Oppdatering Clements-lista august 2013, ref til side 99








  • Popular posts from this blog

    Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

    Waikiki

    Steinsetfjorden