Detroit

Multi tool use
Detroit | |
by | |
Land |
![]() |
---|---|
Stat |
Michigan |
Fylke |
Wayne County |
Høgd |
183 m |
Areal |
370,2 km² |
Folketal |
713 777 (2010) |
Grunnlagd |
1701 |
Tidssone |
EST |
Wikimedia Commons: Detroit | |
Detroit er den største byen i delstaten Michigan i USA. Han har 886 675 innbyggjarar (2005), og er dermed den tiande største byen i USA. Detroit ligg i Wayne County.
Detroit er namngjeten som sentrum for bilindustrien i USA, og for musikkmiljøet i byen. Detroit har difor fått tilnamna «Motor City» og «Motown». Detroit er òg kjend for høg kriminalitet, han er ein av dei farlegaste byane i USA.
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Økonomi
3 Idrett
4 Bakgrunnsstoff
Geografi |

Satellittbilete av Detroit og naboområde. Foto: NASA

Detroit sentrum om kvelden.
Byen har namnet «Detroit» på grunn av at han ligg ved Detroitelva (frå fransk «Rivière du Détroit», 'sund-elva'). Detroit ligg mellom to sjøar, Eriesjøen og St. Clair-sjøen.
Detroit har eit areal på 370,2 kvadratkilometer.
Klimaet i Detroit er typisk for Midtvesten, med kalde vintrar og varme somrar. Som ei følgje av nærleiken til dei store sjøane er det mykje snø i Detroit om vinteren.
Detroit ligg attmed grensa til Canada, og har tunnelsamband til byen Windsor på den andre sida av grensa.
Økonomi |
Henry Ford starta bilselskapet Ford i Detroit i 1903, og i heile det tjuande hundreåret har byen vore hovudsetet for bilindustrien i USA. Dei to andre store bilprodusentane i landet, General Motors og DaimlerChrysler, held òg til i Detroit.
Tilbakegangen i bilindustrien har gjort at det dei siste åra har vorte mange arbeidslause industriarbeidarar i Detroit.
Idrett |
Det er toppnivålag i alle dei fire store idrettane i USA i Detroit. I ishockeyserien NHL speler laget Detroit Red Wings, og i basketballserien NBA speler laget Detroit Pistons. Detroit Lions er amerikansk fotball-laget i Detroit, og i baseball har Detroit laget Detroit Tigers. Detroit er ein av få byar i USA som har lag i både NFL, NHL, NBA og MLB.
Bakgrunnsstoff |

Reiseguide for Detroit frå Wikivoyage
Offisiell nettstad (engelsk)
|
u6IaN8v1F0V,pH3Nuh6a UY7N 9Zl2ejTAKx5 myiEn nmvKgqncH GjtK7PBpZ8CBfff7,l,3b,QrAlB